Kjevle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjevle av tre.

Kjevle (av norrønt kefli) er ein reiskap som kan nyttast for å glatte ut deig. Det består av ein sylinderform valse med handtak. Ofte kan handtaka vera festa til ein aksel som går gjennom valsen, men kjevlet kan òg vera laga i eitt stykke. Kjevlet er oftest gjort av tre, men finst òg i stein, metall, porselen, plast og kombinasjonar av desse. Kjevlet vert rulla fleire gongar over deigen slik at deigen gradvis vert flatare og tynnare. Kjevle kan ha ei lengd på 30-40 cm, men kan også vera kortare. Diameteren kan vera om lag 8-12 cm på tjukke kjevle, og 2-3 cm på tynne pinnekjevle.

Kokk bruker kjevle av stål.
Porselenskjevle.
Kjevle med handtak festa på eine sida.
Japanske kjevle i eitt stykke.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kjevle kan brukast til baking av tynne kaker og brød og til botn eller lok i terter, paiar og pizza. Det er også brukt til å laga nudlar, pasta og annan fylt deig.

I eldre tider i Noreg var det vanleg at bakstekjerringar fór rundt på bygdene og baka flatbrød, lefse og andre brødvarer,[1] og det var vanleg at bakstekjerringa hadde med seg ei eller fleire av tenestejentene på garden. Når dei fyrst var i gang, var det vanleg at dei baka store stablar med flatbrød og anna brød som stod seg lengje. Bakstekjerringane hadde stor røynsle med å kjevla ut tynne deigar, og dei la ofte stor flid i arbeidet, for ikkje å «skjemma ut fingrane sine». Mange gardar hadde eit eige eldhus der bakinga gjekk føre seg.

Kjevletypar[endre | endre wikiteksten]

Det finst ulike typar kjevle:

  • Glatte kjevle, med ein heilt glatt sylinder, er ei utbreidd kjevleform.
  • Lefsekjevle har furer i rulleretninga.
  • Knekkebrødkjevle eller kruskavel er eit kjevle som er særskilt laga for knekkebrødsbaking. Sylinderen er ikkje glatt, men har derimot knottar, for å skape det rette mønstret på knekkebrødet.
  • Mønsterkjevle er eit kjevle med overflate som ikkje er slett, men lagar eit mønster på flata som ein rullar over. Ein kan normalt berre rulle over ei gong for å lage eit avsett mønster. Desse kjevlene vart vanlegvis nytta vanlegast til kakedekorering. Desse kjevla blir til vanleg laga av plast.

Kjevle i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Ettersom baking gjerne har vore kvinnfolkarbeid, har kjevlet alltid vore innan rekkevidd for kona. Av den grunn vert kjevlet i teikneseriar ofte framstillt som kvinna sitt «våpen», som til dømes i Finbeck og Fia. Når nokon giftar seg, hender det ofte at skjemtegaukar gjev brura eit kjevle i gåve.[treng kjelde]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kjevle

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fredriksen, S., Takkebakst, www.heimbygda.no