Flekkpetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flekkpetrell

Status i verda: LC Livskraftig

Flekkpetrell
Flekkpetrell

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Daption
Art: D. capense
Vitskapleg namn
Daption capense
Daption capense

Flekkpetrell (Daption capense) er ein sjøfugl i stormfuglfamilien som er svært vanleg og utbreidd i Sørishavet. Populasjonen er rekna til ca. to millionar fuglar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Flekkpetrellen er ein mellomstor petrell med ein karakteristisk utsjånad; heilsvart hovud og nakke, kvit bringe og buk, kvite undersider av vengene med svart innramming. Oversida av venger, bakkropp og stjert er svart-kvitt spraglete med eit svart band lengst bak på stjerten. Denne fjørdrakta er unik blant stormfuglane. Når han er fullvaksen, er vengespennet 86 cm, og kroppslengda er ca. 39 cm.[1] Når dei flyg, vekslar dei mellom raske vengeslag etterfulgt av ei glideflukt på stive venger.[1]

Dietten inneheld hovudsakleg kril, pelagiske tanglopper, og dessutan fisk og blekksprut. Dei kan plukke maten frå vassoverflata, òg i flukt, eller dukke under vatn og filtrere ut maten.[1] Dei er òg kjente for å følgje skip og for å ta avfall som blir kasta overbord. Dei er aggressive og støyande i fôringsflokkar.

I hekkesesongen frå november til april beitar flekkpetrellane ved iskanten rundt Antarktis og om vinteren vidare nordover, opp til kysten av Angola og Galapagosøyene. Dei hekkar på Den antarktiske halvøya, mange øyar i Antarktis og på subantarktiske øyar, nokre går så langt nord som til Aucklandøyane og Kerguelen. Flekkpetrellar dannar mindre og lausare hekkekoloniar enn andre petrellar.[1] Som dei fleste andre havhestar, vil dei forsvare reiret sitt ved å spytte mageolje på inntrengjarar. Spesielt vil joar åtake egg og ungar av flekkpetrellar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Harrison, C.; Greensmith, A. (1993). Bunting, E.. ed. Birds of the World. New York, NY: Dorling Kindersley. s. 50. ISBN 1-56458-295-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]