Frieda Dalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frieda Dalen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. desember 1895
Skedsmo kommune
Død

15. februar 1995 (99 år)
Oslo

Yrke lærar, fagforeiningsleiar, turnar

Alfrieda «Frieda» Kristine Dalen (13. desember 189515. februar 1995) var ein norsk lærar, motstandskvinne og skuleleiar.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dalen var eigentleg frå Skedsmo, litt nord for Kristiania. Ho var dotter av Ada Emilie Andersson (1872–1957) og Carl Jensen (1869–1954). Faren jobba ved jarnbanen.[2] Etter examen artium 1915 og Oslo lærarskule i 1916 var ho lærar ved Grefsen skule frå 1919 til 1936.[3] Frå 1936 til 1946 jobba ho ved Sagene skule der Anna Sethne var sjef. Ho tok Statens gymnastikkskole 1936 og fekk delta under Sommar-OL 1936, som medlem i ein oppvisningstropp i turn.[4] Med Cappelens stipend blei det studieopphald ved Universitetet i Wien i 1936, og frå 1938 til 1940 var ho assistent til den tyske skulepsykologen Charlotte Bühler (1893–1974), som dreiv pedagogisk-psykologiske eksperiment fram til den tyske invasjonen då ho rømde til USA.

I 1939 gifta Frieda Dalen seg med Olaf Dalen (1896–1965), som var son av Hans Olsen Dalen (1860–1936), borgarmeister i Notodden.[5]

Under andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

I 1941 tok Dalen kurs i pedagogisk statistikk. Ho var del av den norske motstandsrørsla som medlem av Lærerledelsen, ein hemmeleg organisasjon som mellom anna skipa Lærerfronten mot nazifisering av den norske skolen. Ho var også med i leiinga for Heimefronten, meir spesifikt i Koordinasjonskomitéen som eksisterte frå 1944. Dalen blei fengsla i 1944 og teke til Oslo kretsfengsel i Åkebergveien i Oslo, der ho sat ei kort tid.[6]

SN-tale og lærarvirke[endre | endre wikiteksten]

Dalen var ein av dei norske delegatane sende til den fyrste generalforsamlinga til SN i London. Der heldt ho ein tale og blei dimed den fyrste kvinna som talte i SN.[7] Dalen sat også i UNESCO-råd. I lærargjerninga hadde ho i 1946 meld overgang frå Sagene skule til Rosenhof skule for å tiltre som overlærar. Ho sat som leiar for Norges Lærerinneforbund 1946–1955, der ho hadde sete som sekretær sidan 1937.[8] Ho var nestformann for Norske kvinners nasjonalråd frå 1952 til 1958.

I 1965 blei Dalen tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ingrid Boger, Frieda Dalen, nekrolog i Aftenposten den 22. februar 1995.
  2. Oddvar Vormeland, Frieda Dalen i Store Norske Leksikon.
  3. Norske skulefolk. Dreyer. 1952. 
  4. Einar K. Aas (1940). Norges gymnastikk- og turnforbund 50 år: 1890-1940. Forbundet. 
  5. Holta, O. H. (1988). Hitterdalsboken: gaarde og slegter. Lokalhistorisk forl. ISBN 8274040163. 
  6. Vormeland, Oddvar (29. juni 2022). «Frieda Dalen». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  7. Alexi McCammond (7. mars 2016). «The First Woman To Ever Address The United Nations». bustle.com. 
  8. Norges lærerinneforbund 1912-1962. Forbundet. 1962.