Mariestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°42′38.999″N 13°49′34.658″E

Mariestads byvåpen

Mariestad er ein svensk by i Västra Götalands län, i landskapet Västergötland. I 2011 hadde han 15 591 innbyggjarar. Mariestad er centralort i Mariestads kommun og var tidlegare residensstad i Skaraborgs län.

Byen har allsidig industri med bl.a. produksjon av kvitevarer, papir, emballasje og metallvarer. På ein holme i Tidan ligg kongsgarden Marieholm frå 1600-talet, som no er landshøvdingsresidens.

Namnet Mariestad inneheld namnet «Maria» i genitiv, tidlegare stava «Mariæ». Det har endra stavemåte i samsvar med den moderne uttala av «Marie». Mariestad blir på folkemunne kalla «Vänerns pärla» ettersom byen ligg vakkert til ved sjøen Vänern.

Byen blei grunnlagt i år 1583 av hertug Karl, som seinare blei Karl IX av Sverige. Han er oppkalla etter hustrua hans Maria av Pfalz. Mariestad er saman med Kalmar dei einaste byane i Sverige som har domkyrkje, men ingen biskop.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mariestad