Good Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Good Night» er ein song av The Beatles på albumet The Beatles (White Album) frå 1968. Han er skriven av John Lennon, men tilskriven på vanleg vis Lennon/McCartney.

Songen er sungen av Ringo Starr og er ei roleg og behagleg avslutting på Det kvite albumet og kjem direkte etter den eksperimentelle og støyande «Revolution 9». Melodien er enkel og typisk for stilen Paul McCartney ofte nytta, men viser at òg Lennon kunne ha eit sentimentalt hjarte.

George Martin har arrangert orkesteret på ein smektande måte. Lennon sa at han ønskte at songen skulle lyde skikkeleg «cheesy», som ein storslått Hollywood-produksjon. Kvifor han let Starr synge er ikkje godt å seie, men den sorgtunge stemma til Starr passar fint inn i stemninga.

Ekteskapet med Cynthia gjekk mot slutten då Lennon skreiv songen, som opphavleg var meint som ein godnattsong for sonen Julian. Lennon skreiv to godnattsongar, begge for sønene sine. Den andre var «Beautiful Boy» for sonen Sean på albumet Double Fantasy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]