Gråkragepetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gråkragepetrell

Status i verda: LC Livskraftig

Gråkragepetrell ved FijiFoto: Tom Tarrant
Gråkragepetrell ved Fiji
Foto: Tom Tarrant

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Pterodroma
Art: P. nigripennis
Vitskapleg namn
Pterodroma nigripennis
Rothschild, 1893

Gråkragepetrell (Pterodroma nigripennis) er ein sjøfugl i stormfuglfamilien som har hekketerritorium på øyar i subtropisk, sørvestre Stillehavet. Dette er ein trekkfugl som migrerer nord og aust i Stillehavet på den nordlege sommaren.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gråkragepetrell er ein liten sjøfugl på 30 centimeter med kroppssvekt på ca. 175 gram. Oversida er lys grå med ein mørk grå M over vengene. Undersida er kvit, men med ei svart rand rundt vengekanten som endar i eit diagonalt band frå knoken mot kroppssida. Han har ein svart flekk under aug og nebbet er robust kort og svart.

Hekkeutbreiinga er på mange øyar i sørvestre Stillehavet, inklusive Lord Howe-øya i vest, øyar utanfor Ny-Caledonia og Norfolkøya, Tonga, Kermadec Islands, Chathamøyane og fleire andre så langt aust som i Fransk Polynesia. Gråkragepetrellane beitar i Stillehavet mellom Mexico og Japan utanom hekkesesongen, dei beitar om natta på småfisk, blekksprutar og krepsdyr som dei plukkar i overflata.

Storleiken på bestanden var estimert til mellom 8 og 10 millionar individ i 2004 og minkande på grunn av predasjon.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gråkragepetrell
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.