Grønstilk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grønstilk
Grønstilk
Grønstilk
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: Grønstilk T. glareola
Vitskapleg namn
Tringa glareola

Grønstilk (Tringa glareola) er ein langbeina vadefugl i snipefamilien. Arten høyrer til underfamilien storsniper.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Grønstilk finst i Skandinavia, Nord-Europa og austover til Stillehavet. Han overvintrar i Afrika, Søraust-Asia og Australia.

I Noreg hekkar fuglen i innlandet.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fuglen er 19-21 cm lang og veg ca. 60 g. Han har eit vingespenn på mellom 35 og 39 cm.

Grønnstilk har proporsjonar som ein raudstilk, men i mindre format, og med kortare, gråsvart nebb. Oversida er spetta i kvitt, grått og beige på vaksne fuglar, med ein brunare tone på juvenilar. I alle drakter har han ein kraftig kvit augebrynsstrek.

Lyden når han flyg er ei særmerkt trestava «jiff-jiff-jiff», medan fuglen varslar med oppattakne «ipp-ipp-ipp-ipp».

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Grønstilk lever av insekt som han tek med nebbet i grunt vatn eller leirejord.

Fuglen er monogam. Hoa legg 4 egg i mai-juni.

Grønstilk er ein trekkfugl som kjem til Noreg i slutten av mai og reiser i juli-september.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av grønnstilk Tringa glareola for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Grønstilk