Grand Harbour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Grand Harbour

Grand Harbour (maltesisk Il-Port il-Kbir) er ei naturleg hamn på øya Malta. Han har vore nytta som hamn sidan minst romartida. Den naturlege hamna har vorte kraftig utbetra med brygger og kaianlegg, og i tillegg er det bygd kraftige festningsverk.

Hamna munnar ut mot nordaust og er avgrensa i nord av St. Elmo-neset og er vidare verna av ein molo. I sør grensar hamna til Ricasolineset. Nordvestkysten er forma av Scebarrashalvøya, der byen Valletta ligg. På andre sida av denne halvøya ligg ei anna naturleg hamn, Marsamxett hamn. Den største vassvegen som munnar ut i Grand Harbour held fram innover i landet nesten heilt til Marsa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grand Harbour var basen til Maltesarordenen i 268 år og etter dei forsvann var han ein strategisk base for britane i om lag 170 år. Seint på 1500-talet vart hamna øydelagd av ein kraftig tornado som tok livet av 600 menneske og øydela ein handelsflåte. Området var åstad for harde kampar under omleiringa av Malta i 1565Det osmanske riket prøvde å kaste ut Maltesarordenen. Heile området vart kraftig bombardert av aksemaktene under omleiringa av Malta i 1940 under den andre verdskrigen. Målet var kaianlegga og militærinstallasjonane rundt hamna, men samstundes vart store delar av Valetta og områda rundt råka med store sivile tap.

Hamna er framleis aktiv, men etter at britane forsvann frå området er ho ikkje lenger militært viktig. Ein stor del av den kommersielle skipsfarten vert no handsama av den nye frihamna ved Kalafrana, så Grand Harbour er i dag mykje rolegare enn gjennom første halvdel av 1900-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 35°53′42″N 14°31′14″E