Omleiringa av Malta i 1940

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Malta
Del av Den andre verdskrigen i Middelhavet
BombDamageMalta.jpg
1. mai 1942, ei utbomba gate i Valletta. Folk ryddar opp skrotet.
Dato 11. juni 1940 –desember 1942
Stad Malta
Resultat Britisk siger
Partar
Dei allierte:
Storbritannia Storbritannia
Aksemaktene:
Nazi-Tyskland Nazi-Tyskland
Italia (1861-1946) Italia

Omleiringa av Malta var ei viktig militærhending i den andre verdskrigen i Middelhavet som skjedde mellom 1940 og 1943 på øya Malta. Omleiringa vart leia av Italia og Nazi-Tyskland (Aksemaktene) med fly og skip. Malta var eit av dei områda som vart mest bombardert under den andre verdskrigen. Totalt vart det utført 3 000 raid i løpet av dei to åra omleiringa varte. Under omleiringa mista 1 493 sivile live, medan 3 674 vart skadde. Mellom juni 1940 og desember 1943 hevda Royal Air Force at jagarane deira tok 863 fly frå aksemaktene, medan dei sjølv tapte 289 Spitfire og Hurricane i strid, og at 844 fly av alle typar vart tapt både i lufta og på land. Britane tok derimot berre om lag 570 av fienden sine fly. Luftwaffe hevda derimot at dei skaut ned 446 av britane sine fly.

Første fase[endre | endre wikiteksten]

Malta var ein nøkkelposisjon for begge sider i krigen, sidan øygruppa låg midt i Middelhavet, nær både Afrika, Italia og Tyrkia. Italia gjekk til åtak på den britiskstyrte øya same dag, 11. juni 1940, som dei erklærte krig mot Storbritannia. I starten hadde britane nesten gjeve opp Malta, sidan dei rekna med ein italiensk storoffensiv raskt ville ta øya. Britane hadde då berre 4 000 mann på øya og nokre få dobbeltdekkarar. Italienarane var derimot meir opptatt av invasjonen av Hellas, så berre nokre få bombefly gjekk til åtak på Malta. Sjølv med dei små ressursane dei hadde, klarte britane stort sett å ta nokre av dei italienske flya i kvart av dei italienske tokta. Då britane såg kor effektivt sjølv det svake forsvaret deira av Malta var, avgjorde dei å sende langt større styrkar til øya, og ved byrjinga av juli vart forsvaret av øya kraftig forsterka.

I januar 1941 kom tyskarane til Sicilia medan Afrika Korps gjekk i land i Libya. Med tyske Luftwaffe i nærleiken auka bombinga av Malta i stor grad. Den tyske stjernepiloten obserløytnant Joachim Müncheberg og pilotane hans tok mange britiske fly og i januar 1941 gjekk stupbombarane Junkers Ju-87 (Stuka) til åtak på hangarskipet HMS «Illustrious» i Grand Harbour og gjorde stor skade. 126 av mannskapet mista livet, medan 91 vart såra. I midten av 1941 frakta britane fleire fly til Malta.

I løpet av året vart det færre tyske åtak fordi dei tyske ressursane vart fokusert mot austfronten. I desember 1941 auka derimot dei tyske åtaka igjen. Øya var så godt som isolert og det var særs vanskeleg å få inn nye forsyningar. Dei allierte mista 31 skip i desse bombeåtaka. Åtaka var på sitt maksimale i midten av 1942 då tyskarane sende inn 520 jagarfly og italienarane 300. Etter kvart såg aksemaktene på Malta som nøytralisert og bombetokta minka. Det første halvåret av 1942 var det berre eit heilt døgn utan luftåtak. Luftwaffe sine dokument syner at det mellom 20. mars og 28. april 1942 vart utført 11 819 enkeltflygingar og 6 557 bomber vart slept over Malta.

Andre fase[endre | endre wikiteksten]

Hungersnauda var stor på Malta i denne perioden, og då det vart færre flyåtak nytta britane høvet til å fly inn fleire fly til å forsvare Malta med. Mat, ammunisjon og flybensin var der derimot framleis særs lite av. Operasjon Pedestal var eit omfattande forsøk på å få inn fleire forsyningar til Malta der ein konvoi på 14 handelsskip, verna av 44 store krigsskip, inkludert slagskip og hangarskip og eit avleiande åtak i andre enden av Middelhavet. Konvoien vart likevel utsett for kraftige åtak frå Aksemaktene og berre 5 av dei 14 handelsskipa kom fram til Malta. I tillegg mista dei allierte eitt hangarskip, to kryssarar og ein jagar. Luftwaffe svarte med nye åtak på Malta i oktober, men dei allierte sine felttog i Midtausten byrja å få effekt og fleire og fleire forsyningar nådde fram til Malta. Då aksemaktene etter kvart mista grepet om Nord-Afrika vart omleiringa av Malta heva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]