Hans Fredrik Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Fredrik Dahl (fødd 16. oktober 1939) er ein norsk historikar og pressemann frå Oslo. Han er både kjent som krigshistorikar og mediehistorikar.

Etter å ha avslutta studia i moderne historie ved Universitetet i Oslo i 1969 arbeidde Hans Fredrik Dahl med mediehistorie som NRK-stipendiat og tok doktorgraden med ei avhandling om kringkastinga si historie i Noreg, før han blei kulturredaktør i Dagbladet i 1978. I 1985 gjekk han attende til universitetet og forska på Vidkun Quislings liv og skreiv ein biografi om han som kom ut i 1991. Etter det blei han professor i media og kommunikasjon, og leidde eit forskingsprosjekt om Rettsoppgjeret etter 1945[1]. Frå 1970-talet og framover har han publisert ei rekkje verk og artiklar om norsk og generell krigshistorie og ideologiane i det 20. hundreåret. I 2000 vart han tildelt Fritt Ords honnør for verdifulle bidrag til norsk biografisk litteratur.

Han er fetter til Francis Sejersted.

Dahl var formann i Det Norske Studentersamfund i 1963.

Han var tidlegare ein medeigar i Pax forlag og i Dagbladet. Han var per 2003 styremedlem i Dagbladet. I 2001 var han medeigar i Historisk Forlag.[2]

Kritikk av Dahl[endre | endre wikiteksten]

David Irving og pamfletten Kampen mot glemselen[endre | endre wikiteksten]

Dahl har fått sterk kritikk for forsvar av David Irving sine verk som kjeldemateriale.[3] Han uttalte at han såg på David Irving som «den fremste kildekritiker innen nazismens historie i dag». Dahl reduserte dette seinare til «en av de fremste», etter å ha fått kritikk. [4] Odd-Bjørn Fure, professor i historie og forskningsdirektør ved Holocaustsenteret, er ein av dei hardaste kritikarane på dette punktet, med pamfletten Kampen mot glemselen.

Biografien om Quisling og den rettsmedisinsk undersøkinga[endre | endre wikiteksten]

I Dahl sin biografi om Vidkun Quisling vert ein del plass vigd til undersøkinga av om han var strafferettsleg tilrekneleg, og konsekvensane av denne undersøkinga. Quisling vert framstilt som offer for smertefulle medisinske eksperiment og feilmedisinering, motivert ut frå eit ønskje om å studere eit usedvanleg menneskje. Som Dahl skriv det:

«Quisling var viden kjent for sin helt uvanlege intelligens og kapasitet, samtidig som han syntes drevet av en kallstanke som ga ham religionstifterens særegne mentale profil. Om psykiaterne ikke hadde funnet noen påvisbar personlighetsforandring, kunne vel en verdensberømt nevrolog ha sine egne grunner for å fremskaffe et røntgenfotografi av det som lå bak denne mannens panne?» [5]

Professor i nevroradiologi, Ingar O. Skalpe gjekk sterkt i rette med dette. Han er einig i at Quisling, som pasient, burde ha fått litt meir fri frå rettssaka til å komme seg på (ei veke i staden for berre to dagar), men Skalpe framstiller konsekvensen av inngrepet som udramatisk. Når det gjeld det «smertefulle og eksperimentelle» blir dette kontant avvist av Skalpe, ettersom inngrepet skal vere rein rutine og lite plagsamt for pasienten. Han trekkjer og framstillinga til Dahl i sterk tvil, ettersom det ville vere små odds for å overleve med trykkluft blåst direkte inn i hjernen. Skalpe samanliknar dette med ein «henrettelsesmetode».[6]

Skalpe avviser heilt genimotivet for å eksperimentere, og seier ein sjølv ikkje med dagens magnet-tomografiteknikkar ser nokon som helst forskjell på eit geni og eit normalt individ. Medisinaren avviser og andre sine framstillingar om eit hemnmotiv, ettersom ein påvist svulst i hjernen ville, etter dåverande lov, diskvalifisert Quisling ifrå dødsstraff.[7] Meir generelt er det og eit spørsmål om forrædaren Quisling faktisk var allment genierklært i Noreg rett etter krigen.

Sidan Konrad-Mohn ikkje sjølv ville ha kunne utført inngrepet, ville assistentlegane måtte ha gjort det. Skalpe går personleg god for desse. Ettersom Dahl og Skalpe debatterte den første utgjevinga av Quislingbiografien, seier Skalpe seg undrande til at Dahl held fast ved påstandane og gjer dei grovare i den nye utgåva.[8]

Dahl avviser innvendingane til Skalpe, ettersom han hevdar å finne kjeldegrunnlaget i nettopp dei kjeldene som Skalpe nyttar imot han. Han hevdar og at Skalpe si framstilling ber preg av å ikkje kjenne heile materialet. Dahl medgav at han burde ha skrive «passende mengder» i staden for «store mengder» kontrastvæske, men meiner dette ikkje har nokon betydning. I følgje Dahl er -04 utgåva revidert i forhold til utgåva i -92 med omsyn til debatten med Skalpe, noko Skalpe kontant avviser.[9]

Dr. Med. og forfattar May B. Lund gjekk inn i debatten. Ho meinte Dahl sette fram grove feil, og meinte det burde ha blitt retta opp i den reviderte 2004-utgåva av biografien. I staden såg ho desse påstandane bli gjentekne og forverra. Usemja gjekk på tolkinga av kjeldematerialet, som er røntgenskildringar og brev til domstolen. For henne ville ein «sisteårs medisinstudent» kunne avvise Dahl sine påstandar som «medisinsk umogleg». Ho ønskte at Dahl skulle legge fram dei dokumenta han brukte som kjeldegrunnlag, ettersom påstandane til Dahl strid mot kjeldene som Skalpe brukte.[10]

Ifølge Hilde Fiskum ved Telemark Museum vart Dahl sin Quisling-biografi tatt til inntekt for «NS-siden» og trykt til brystet av menneskje med sympatiar til Nasjonal Samling. Dette sjølv om Dahl meiner han har vore objektiv.[11]

Bidraget i Norsk Idehistorie[endre | endre wikiteksten]

Dahl fekk sterk kritikk for sitt forfattarskap av bind V i serien Norsk Idehistorie. Historikaren Sissel Myklebust ser på det som «symptomatisk» for verket at det er gjeve «urimelig» stor plass for fascisme og spiritisme. Myklebust kritiserer også Dahl for å vike unna arbeidskrevande oppgåver i verket og for å miste fokus.[12]

Norsk Idehistorie og pamfletten Brennbart[endre | endre wikiteksten]

Dette verket vart også kritisert av Kjartan Fløgstad, i pamfletten Brennbart. Når Dahl sette fram påstandar om samband mellom målfolket og oppslutning om Quisling meiner Fløgstad at verket «Who were the Fascists? Social roots of European fascism» er kjeldegrunnlag godt nok til å avvise denne påstanden. Oppslutninga om NS både før og under krigen var lågast der nynorsken stod (og står) sterkast, på Vestlandet. Fløgstad meiner Dahl ikkje har kome med kjelder for påstandane sine om målrørsla. Også påståtte samanlikningar Dahl gjer mellom Ivar Aasen, Alfred Rosenberg og Vidkun Quisling, igjen utan oppgjeven kjelde, kritiserer Fløgstad.

For fleire av desse kritikarane er det eit spørsmål korfor Dahl får den tilgangen han har fått i media.

Eigarinteresser og interessekonflikt[endre | endre wikiteksten]

I 2001 vart det kjent at han hadde gjort innkjøp av 40 % av aksjane i Historisk Forlag. Dette vart sett på som kontroversielt, grunna historia til forlaget som nazistisk og interessekonflikten i at Dahl som professor let seg bruke i marknadsføringa av ei bok som forlaget gav ut.

Boka til forlaget som Dahl tilrådde på omslaget, var «Vi ville et land som var frelst og fritt. Med Nasjonal Samling under okkupasjonen 1940-45», skrive av Finn Thrana. Forfattaren er mellom anna kjend som regjeringssekretæren til Vidkun Quisling og NS-medlem frå 1934. Dahl karakteriserte kjøpet som ein venneteneste, til forlaget var oppe og gjekk. Aksjane var kjøpt av den revisjonistiske stiftinga Norsk Okkupasjonshistorie, som er engasjert i å rehabilitere gamle nazistar. Professoren var tidlegare ein medeigar i Pax forlag og i Dagbladet. Han er i dag styremedlem i Dagbladet og var tidlegare kulturredaktør der.[13] [14]

Dahl signaliserte i 2001 at han ville selje seg ut av Historisk Forlag.[15]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Hans Fredrik Dahl har ein stor produksjon, blant anna 24 bøker om moderne europeisk og skandinavisk historie, og om massemedia- og kulturhistorie. Lista under er ikkje komplett.

  • Kalt til stillhet : min bror Dom Filip (2005) saman med Jacob Dahl
  • Mediehistorie : historisk metode i mediefaget (2004)
  • Quisling : en norsk tragedie (2004) - forkorta og revidert utgåve av tidlegare Quisling-biografiar
  • Et rettferdig oppgjør? : rettsoppgjøret i Norge etter 1945 (2004) redaktør saman med Øystein Sørensen
  • Spillet om TV2 : da Norge fikk kommersielt fjernsyn (2003) saman med Rolf Høyer
  • De store Ideologienes Tid (2001)
  • Hvor fritt et land? : sensur og meningstvang i Norge i det 20. århundre (2000) saman med Henrik G. Bastiansen
  • Sensur og selvsensur i nordisk presse (1999) redaktør
  • NRKs historie. Bd. 2 : dette er London : NRK i krig 1940-1945 (1999)
  • NRKs historie. Bd. 1 : Hallo, hallo : kringkastingen i Norge 1920-1940 (1999) redaktør
  • Mediene og det moderne (Mediesamfunnet) (1995)
  • Quisling - En fører for fall (1992)
  • Quisling - En fører blir til (1991)
  • Den norske nasjonalsosialismen: Nasjonal samling 1933-1945 i tekst og bilder (1982)
  • Norge under Olav V (1982)
  • «Dette er London»: NRK i krig 1940-1945 (1978)
  • Hallo--hallo!: Kringkastingen i Norge, 1920-1940 (1975)
  • Krigen i Norge (1974)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Å overkomme fortiden: Rettsoppgjøret etter 1945. Prosjektskildring frå Universitetet i Oslo
  2. DN.NO: Dahl eier nazist-forlag publisert 31.08. 2001, oppdatert 02.06. 2003
  3. Historikerstrid i Norge, frå Apollon
  4. Dag og Tid nr. 16, 17. april 1997
  5. Tidsskrift for den norske legeforening: Undersøkelsen av Quislings hjerne.
  6. Tidsskrift for den norske legeforening: Undersøkelsen av Quislings hjerne.
  7. Tidsskrift for den norske legeforening: Undersøkelsen av Quislings hjerne.
  8. Tidsskrift for den norske legeforening: Quislings hjerne
  9. Aftenbladet: Striden om Quislings hjerne16.12.2004
  10. Dagbladet: Dahls vitenskapelige redelighet Publisert onsdag 19.01.2005 kl. 05:00
  11. Varden:Nytt søkelys på NS
  12. Norsk idéhistorie bind V. Bokmelding av Sissel Myklebust på nrk.no
  13. DN.NO: Dahl eier nazist-forlag publisert 31.08.2001, oppdatert 02.06. 2003
  14. Journalisten.no: Hans Fredrik Dahl inn i naziforlag publisert 31.08. 2001 klokka07:05
  15. DN.no: Trekker seg fra naziforlag publisert 05.09 2001 oppdatert 02.06.2003
  • Fløgstad, Kjartan Brennbart Digibok 2004, s 27-33.