Heimaey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heimaey
Heimaey utanfor sørkysten av Island.
Heimaey utanfor sørkysten av Island.
Geografi
Heimaey Island.PNG
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 63°25′N 20°17′WKoordinatar: 63°25′N 20°17′W
Øygruppe Vestmannaeyjar
Areal 13,4 km²
Høgaste punkt Dufþekja (283 moh.)
Administrasjon
Land Island
Demografi
Folketal 4 500

Heimaey (Heimøy på norsk) er den største øya i øygruppa Vestmannaeyjar og den største øya utanfor kysten av Island med eit areal på 13,4 km². Øya ligg rundt 7,5 km utanfor sørkysten av Island. Det er den einaste busette øya i øygruppa, og er for tida heim til 4 500 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste sogene[endre | endre wikiteksten]

Klippene på Heimaey.

I Landnåmabok er det sagt at då Ingolf Arnarsson, den første busetjaren på Island, hadde vore ei vinter på Ingólfshöfði og reiste vestover i søken etter sin «Öndvegissúlur» (høgsetestolpanene, noko liknande ein totempåle som på rituelt vis vart kasta i havet for deretter å flyte til land igjen. Der han flaut i land skulle vikingen som hadde kasta han bygge bygge garden sin), og fann på Hjörleifshöfði bror sin, Hjörleifur, død – trælane var òg borte. Ute i havgapet kunne han sjå båtar som segla mot ei lita øygruppe, og han sette i veg etter dei.

Trælane det var snakk om hadde vorte bortført frå Irland og vart kalla vestmenn, sidan Irland var det vestlegaste området i det som på den tida (om lag 840) var den kjende verda. Trælane kom i land på Heimaey og søkte dekning oppe i fjella og andre stader dei trudde dei var trygge, men Ingólfur fann dei og slakta alle saman. Under denne hemnjakta gav han, utan å vere klar over det, namn til forskjellige stader på øya – til dømes Dufþekja, eit område på Heimaklettur som er det høgaste fjellet på Heimaey med 283 moh., har fått namnet etter trælen Dufþakur, som det vert sagt tok sitt eige liv ved å kaste seg utfrå Heimaklettur heller enn å verte drepen av Ingólfur.

Dei første busetjarane[endre | endre wikiteksten]

Den første personen som etter sigande bygde ein gard på øya var kjend som Herjólfur Bárðarson. Han bygde tilsynelatande garden sin i Herjólfsdalur (som tyder «Herjólf sin dal»). Ruinane etter Herjólfsdalur vart gravne ut i 1971 og førte til stor uvisse rundt historia om Herjólfur Bárðarson.

«Tyrkisk» invasjon[endre | endre wikiteksten]

I 1627 kom tre sjørøvarskip frå den osmansk-kontrollerte Barbareskkysten på plyndringstokt og gjekk til åtak på mange bygder på sørkysten av Island – særleg Grindavík og Vestmannaeyjar. I Grindavík kunne landsbyfolket flykte inn i lavafeltet ved Reykjanes og gøyme seg i lang tid, medan Heimaey, som låg så avsidesliggande og isolert til, vart kraftig råka av desse tokta. Det finst mange heltmodige historier om folk som overlevde invasjonen. Den meste kjende er truleg historia om Guðríður Símonardóttir, betre kjend som Tyrkja-Gudda (på norsk «Tyrkar-Gudda»), som varte teke frå heimen sin ved Stakkagerði på Heimaey og ende opp på ein slavemarknad i Algerie. Ho greidde etter kvart å kjøpe seg veg heim til Island, via Tunis, Italia og Danmark (Island var under dansk styre på tida). Etter at ho kom tilbake til Island, gifta ho seg med den islandske diktaren Hallgrímur Pétursson, som Hallgrímskirkja i Reykjavík har fått namnet sitt etter.

Eldfell[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på morgonen den 23. januar 1973 byrja eit vulkanutbrot frå fjellet Eldfell. I løpet av få timar vart nesten alle dei rundt fem tusen innbyggjarane på øya evakuert til fastlandet, for det meste ved hjelp av fiskebåtar då nesten heile fiskeflåten låg til hamn på grunn av uvêr. Lavastraumane trua med å øydelegge og stenge igjen hamna, som var det viktigaste livsgrunnlaget for øybuarane. Islendringane klarte derimot, ved å kontinuerleg sprøyte store mengder sjøvatn over lavastraumane å størkne mykje av lavaen og omdirigere resten, slik at hamna vart redda frå total øydelegging. Under utbrotet vart rundt halve byen øydelagd og øya vart tilført meir landmasse.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Flyplassen på øya er sparsomt utstyrt.

I dag bur det omkring 4 500 menneske på Heimaey og fleire millionar lundefugl og andre fugleartar.

Øya har samband med det islandske fastlandet via ferje og lufthamna Vestmannaeyjar Airport.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Heimaey

Kjelde[endre | endre wikiteksten]