Helge Solum Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helge Solum Larsen på Venstre-landsmøtet i Stavanger i 2009.

Helge Solum Larsen (fødd 14. januar 1969) frå Stavanger er ein norsk politikar (Venstre). Han har site i bystyret i Stavanger sidan 1991. Frå 1994 til 1997 var han leiar for Unge Venstre. I stortingsperioden 2005 til 2009 var han første vararepresentant til Stortinget frå Rogaland. Han har òg vore varamedlem i styret i Nei til EU. Frå 2004 er han med i landsstyret i Venstre, og i 2010 vart han utnemnt til nestleiar i partiet. I kommunevalet 2011 stod han som Venstre sin fylkesordførarkandidat i Rogaland.

Den 7. februar 2012 trekte Helge Solum Larsen seg som nestleiar av Venstre etter at han vart meldt for valdtekt mot ei 17 år gamal jente. Valdtekta skal ha skjedd på årsmøtet til Rogaland Venstre i Suldal. [1]

[endre] Fotnote

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk