Hestevandring
Hestevandring er ei innretning for å nytta hestar til å trekkja roterande maskiner, som treskeverk, kverner, o.l. [1]. Det var to hovudtypar hestrevandring: roterande, Fig. 1, og vandringar med endelaust belte, Fig. 2.
På roterande hestevandringar måtte overføringsreima, eller akslingen, gravast ned, som vist i dei to øvste bileta i Fig. 1, eller hevast over hestane, som vist på det tredje biletet i Fig. 1. Fig. 3 syner ei hestevandring frå Frankrike, som er bygd under eit treskeverk.
Å gå i ring, eller på eit uendeleg belte, var tungt og utriveleg arbeid for hestane og vart nytta der det ikkje var ei stor nok elv for å drive eit vasshjul. Då dampmaskina vart innført vart det slutt på å nytta hestevandring.
Referanse [endre]
- ↑ , Moberg, Harald, A:son, Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel, Kungl. Skog- och Lantbruksakademien, 1989.
-
Fig. 3 Hestevandring bygd saman med treskeverk.
-
Fig. 4 Hestevandring frå slutten av 1800-talet.
-
Labor (1884). Måleri av Nils Kreuger av ein hest som dreg eit treskjeverk.
|
|
|
|---|---|
| Jordarbeiding | |
| Planting og såing |
Såmaskin · Potetplog · Potetard · Potetsettemaskin · Åkerrull |
| Gjødsling og vatning |
Møkkavogn · Naturgjødselspreiar · Møkkaslede · Landtønne · Kunstgjødselspreiar |
| Tynning og ugrashandsaming |
Hyppeplog · Hestehakke · Radreinskar · Tynningsmaskin · Åkersprøyte |
| Innhausting |
Slåmaskin · Strenavleggar · Grassamlar · Sleprive · Høyvendar · Høyrive · Sjølvbindar · Skurtreskjar · Potetopptakar · Rotvekstopptakar |
| Transport |
Møkkavogn · Høyvogn · Karjol · Skyssvogn · Slede · Steindrog |
| Skogsreiskap | |
| Ymse |
Hestevandring |