Plog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tre-skjers Kverneland løfteplog, med steinutløysar.

Plog er ein jordbruksmaskin som vert nytta for å snu torva, før det vert sådd eller planta. Føremålet med dette er å skjera av ugrasrøter og grava ned gamle planterestar for å unngå overføring av sjukdom til nye planter. Delvis nedbrotne planterestar frå tidlegare avlingar vert ført til overflata, der dei vert vidare brotne ned slik at næringsstoffa vert frigjorde og kan takast opp av nye planter. Bruk av tunge maskinar fører til at jorda vert pakka saman. Når torva vert snudd vert jorda løyst opp att og det kjem luft til, slik at bakteriane som bryt ned gamle planterestar får betre vilkår. Når torva vert snudd vert ho liggande i 45° vinkel og at det vert ope rom under. Dette fører til at vatnet i staden for å renna av, sig ned i grunnen når det regnar. Dette gjer at jordsmonet syg til seg meir vatn, som røtene på plantene så kan suga til seg. Om ein spreier gjødsel før ein pløyer får ein molda ned gjødsla i same operasjonen.

Tidlegare vart plogar dregne av eit trekkdyr, som ofte var ein hest. I industrialiserte land vert det i dag berre nytta traktorplogar, men i mange utviklingsland vert det framleis nytta trekkdyr for pløying. Moderne traktorplogar er konstruerte for større fart enn hesteplogar og tidlege traktorplogar.

Traktorplogar[endre | endre wikiteksten]

Delane i ein plog: 1 Ås, 2 Feste, 3 Innstilling, 4 Rist, 5 Spiss, 6 Skjer, 7 Veltefjøl.
Tre-skjers løfteplog. 1 Ås, 2 Skumrist, 3 Steinutløysar, 4 Bereaksel, 5 Tårn, med toppstagfeste, 6 Spak for innstilling av fårbreidd, 7 Skiverist, 8 Spiss, 9 Skjer, 10 Veltefjøl.

Ein plog har ein eller fleire plogkroppar, festa til ein ås (plogås), som igjen er festa til ei eller anna form for ramme, som i sin tur er festa til traktoren. Plogar med mange plogkroppar har ofte ei ein kraftig stålbjelke som plogåsane er festa til.

Plogkropp[endre | endre wikiteksten]

Kvart plogkropp er festa til ein ås. Plogkroppen (plogelementet) er sett saman av fleire deler: rista, skjeret, veltefjøla, langsida.

  • Åsen: Oppgåva til åsen er å danna eit stabilt feste for plogkroppen og trekkja han gjennom jorda. Moderne traktorplogar er ofte utstyrte med steinutløysar, som frigjer plogelementet og hindrar skade på det om det treffer jordfast stein eller røter. Åsen med plogelementet vippar då opp og går over hindringa. Steinutløysaren har ei blad- eller spiralfjør som pressar plogelementet tilbake til normal arbeidsstilling når hindringa er passert.
  • Rista: Ein vertikal (knivrist) eller skiveforma kniv (kalla skiverist, eller rullekniv) som skjer sund torva i høveleg breidd frå kanten. Moderne plogar har vanlegvis skiverist, ei kvass skive som skjer sund torva, i staden for knivrist. Skiverista har den føremonen over knivrista at det ikkje samlar seg halm eller gamalt gras på rista. Om det ligg att mykje halm på åkeren kan det vera ein føremon med takka skiverist[1]. Det er òg vanleg med skumrist (skumfjøl), som skjer av kanten på velta og legg ho i botnen på fora, noko som gjer det lettare å horva utan å dra opp torv.
  • Skjeret: Eit tilnærma horisontalt skjer som skjer laus velta i høveleg djupn og løftar ho litt opp, slik at ho glir inn på veltefjøla. Spissen på skjeret vender litt nedover, for at plogen skal søka seg nedover. Spissen er òg bøygd litt inn mot landsida. Spissen kan vera laga som eit separat stykkje, som kan skiftast ut uavhengig av skjeret, med ikkje alle plogar har separat spiss.
  • Veltefjøla: Veltefjøla er vridd (skrueforma) slik at torva (velta) vert snudd. Lengda på veltefjøla avgjer korleis velta vert snudd. Ei lang veltefjøl legg velta utan å bryta ho sund, noko som kan vera ein føremon ved pløying av eng. Ei kort veltefjøl, derimot, bryt velta meir og fører til at jorda smuldrar opp, noko som kan vera ynskjeleg ved pløying av åker. Nokre jordsmon, som morenejord, kan føra til klebing og det er utvikla delvis opne veltefjøler (stripekropp) som skal hindra klebing. Det finst òg plastbelagte veltefjøler som kan nyttast under vanskelege tilhøve. Tidlegare var det vanleg med veltefjølforlengar, men dette trengst som oftast ikkje på moderne veltefjøler.
  • Landsida: Plogkroppen vert pressa mot landsida (jorda) og oppgåva til landsida på plogkroppen, som er plassert på motsett side av skjeret på veltefjøla, er å ta opp denne krafta.
  • Ploglekamen: Skjeret, landsida og veltefjøla er festa til plogåsen ned eit støypejarnstykke kalla ploglekamen.

Kopling til traktoren[endre | endre wikiteksten]

5-skjers Kverneland løfteplog (vendeplog).
7-skjers Kverneland delboren vendeplog.
10-skjers Kverneland delboren vendeplog med ledd.

Måten plogen er festa til traktoren på avheng av kor mange skjer plogen har.

  • Løfteplogar: Moderne plogar med eit til fem-seks skjer er som oftast løfteplogar, monterte i trepunktsopphenget til traktoren. Etter som trepunktsopphenget er utstyrt med automatisk djupnregulering treng ikkje løfteplogar å vera utstyrte med djupnhjul, sjølv om mange likevel er det. Nokre traktorar er no utstyrte med frontmontert trepunktsoppheng, slik at det er mogeleg å kombinera front- og bakmonterte løfteplogar. Men dette er enda ikkje vanleg.
  • Delborne plogar: Store plogar med mange skjer er kopla til traktoren via trepunktsopphenget, men har i tillegg eit djupnehjul, med hydraulisk regulering, etter siste plogelement. Denne typen vert kalla «delboren», eller «semiplog». Når ein kjem til enden av fora vert framenden av plogen lyfta litt før bakenden, slik at alle skjera pløyer ut fora si. Likeeins, når ein tek til med ei ny for vert framenden senka fyrst og bakenden litt etterpå, slik at alle forene startar omtrent likt. Nokre semiplogar har styring på djupnehjulet[2], slik at det vert lettare å snu.
Ein åker er sjeldan heilt plan, så for at plogkroppane skal fylgja konturane til åkeren er store delborne plogar ofte sett saman av to deler, med eit ledd mellom. Dette er ofte plasser slik at 2/3 av plogkroppane er festa til den fremste delen og resten til den bakre. Det er da plassert ein aksling med eit eller to djupnehjul ved ledded. Heving/senking skjer då i tre operasjonar, fyrst fremre del av plogen, så midten og til slutt den bakre delen.
  • Slepeplogar: Plogar med svært mange skjer, dregne av store rammestyrte traktorar og beltetraktorar, er slepeplogar. Slike plogar kan ha opp til 14 skjer og vert ikkje nytta i Noreg, men vert i nokon grad nytta på store bruk i Aust-Europa og Nord-Amerika. For at plogkroppane skal fylgja konturane til åkeren er slike plogar ofte sett saman av fleire seksjonar, med ledd mellom, på same vis som store delborne plogar.

Vendeplogar[endre | endre wikiteksten]

Vendeplogar har to sett med plogkroppar, som snur kvar sin veg, slik at ein kan pløya begge vegar. Dette sparar tomkøyring og gjer at ein slepp ryggar i åkeren som ein får når ein pløyer i begge retningar med ein vanleg plog. Vendeplogar kostar meir i innkjøp, men etter som slitasjen vert fordelt på alle plogkroppane vert kostnadane på grunn av slitasje om lag som for ein vanleg plog. Vendeplogar er òg tyngre enn andre plogar og krev traktorar med kraftige trepunktsoppheng.

Vendeplogar kom tidleg i bruk lenger sør i Europa, som til dømes i Frankrike. Bruken av vendeplogar har auka dei siste tiåra og dei fleste produsentane leverer no vendeplogar. I brattlendte strøk freistar ein som oftast å legga velta mot bakken, for å hindra at åkerjorda vert ført nedover. Ein kan då ikkje pløya begge vegar utan å nytta vendeplog.

Skumplogar[endre | endre wikiteksten]

4-skjers skumplog.

Denne progtypen blir av og til nytta for å fjerna ugras og for å molda ned gjødsel[3]. Nokre skumplogar har symmetriske plogkroppar, som vert roterte om den vertikale aksen når ein endrar pløyeretning; dei blir då ofte kalla «svinglogar». Dei har ei noko enklare og billigare oppbygging enn vendeplogar, men gjer ikkje like bra arbeid på alle jordtypar. Leire og fuktig jord er spesielt problematiske. Denne plogtypen er difor ikkje så utbreidd.

Skiveplogar[endre | endre wikiteksten]

Pløying med skiveplog rundt 1920.

Skiveplogar har konkave skiver som står på skrå i køyreretninga, i staden for skjer og veltefjøler. Skiveplogar vender ikkje furene og er i den forstand eigenleg ikkje å rekna som plogar. Ved pløying av åker har dei den føremonen at dei ikkje dreg med seg halm, men dei er ikkje brukbare for å pløya opp eng. I motsetnad til vanlege plogar har dei inga landside til å ta opp sidekrafta. Det oppstår difor ei vridande kraft (dreiemoment) som freistar å vri traktoren sidevegs. For å motverka dette dreiemomentet vert det ofte plassert ei skålhorv etter skiveplogen, med skåler som vender motsett veg. I dag har skiveplogar langt på veg vorte erstatta av skålhorver.

Pløyedjupn og fårbreidd[endre | endre wikiteksten]

Kor djupt ein pløyer avheng av fleire faktorar, som jordsmon, klima og kva ein dyrkar. Det vanlegaste er å pløya til ei djupn på 20 — 25 cm[1]. Dette vert ofte kalla normaldjupn. Om ein pløyer til ei djupn på 25 – 30 cm vert det kalla djuppløying. I nokre samanhengar kan ein nøya seg med å pløya til ei djupn på berre 12 – 17 cm (grunnpløying) [1]. Grunnpløying fører til snøggare nedbryting av gamle planterestar, men forsøk har synt at ei djupn på meir enn 20 cm aukar avlinga med rundt 5 % [1]. Ulempa med å pløya djupt er at drivstoffforbruket aukar, slik at noko av vinninga med større avling går ut at i større drivstoffutgifter. Breidda på fåra, og difor på skjeret, må stå i høve til pløyedjupna, så di djupare ein pløyer di større bør breidda på fåra vera. For hestplogar har ein kome fram til at eit breidd/djupn-tilhøve på 10:7 vert rekna som høveleg[4]. Ei pløyedjupn på 20 cm bør etter dette krevja ei skjerbreidd på 28 cm. Aukar ein djupna til 25 cm høver det med ei skjerbreidd på 35 cm. For traktorplogar kan 35 cm vera eit brukbart alternativ for normaldjupn. Det er viktig at traktoren har rett sporvidd og at plogen er rett innstilt før eit tek til. Ein plog som er feil innstilt gjev dårleg resultat og auka drifstoffforbruk. Om det er rust på veltefjøla bør det fjernast med ein vinkelslipar med fiberskive, for å unngå klebing.

Nydyrkingsplogar[endre | endre wikiteksten]

Ottomeyer-plogen i 1948.
Ottomeyer-plogen utstilt ved myrmuseet i Hesepe.

For å pløya opp myr i samband med nydyrking vert det av og til nytta plogar i staden for grøfting. Nokre stadar ligg det sand under myra og då kan ein, om ein pløyer djupt nok, blanda inn sand i myrjorda og slik å auka dreneringsevna.

Ein av dei største dyrkingsplogane som er laga vart konstruerte av Wilhelm Ottomeyer i Bad Pyrmont i Niedersachsen i Tyskland sist på 1940-talet. Ottomeyer-plogen kunne pløya til ei djupn på 145 cm og førte til store innsparingar. Plogen vart dregen av ein ombygd Fowler damptraktor med vinsj[5]. I perioden 1950 til 1970 var Ottomeyer-plogen i drift i Emsland i Niedersachsen. Plogen står no på Emsland Moormuseum i Hesepe[6]. Det finst òg ein nyare versjon av plogen[7].

På jord med betre bereevne enn myr vert det ofte nytta beltetraktorar for å trekkja nydyrkingsplogar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pløying med hestar i Fahrenwalde i Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland.

Plogar for trekkdyr[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste plogane vart dregne av trekkdyr som oksar eller hestar, eller menneske trekte plogen sjølv. Desse plogane var laga av tre og likna mykje på ein ard. Det som skil ein plog frå ein ard er at ein plog har ei fjøl (veltefjøl) som i større eller mindre grad snur velta. Dei fyrste plogane klarte ikkje å snu velta. Dei var heller ikkje brukbare til å pløya opp torv eller åker med. I jarnalderen tok ein til å legga jarnbeslag på skjeret. For å redusera slitasjen på veltefjøler av tre har det vorte innfeldt små steinar[8].

For å snu velta var det naudsynt med fleire mann som gjekk etter plogen og trampa ho ned. Etter desse kom det så andre med ei klubbe og slo velta ned og knusa klumpar.

Det er kjent at primitive plogar vart nytta i antikken. I Noreg vart plogen teken i bruk ein gong i det fyrste årtusenet etv.[8]. I vikingtida var plogen eit vanleg reiskap og funn av vikingplogar syner at plogane var laga av tre med jarnbeslag. Det tykkjest som om utviklinga gjekk svært sakte i mellomalderen, renessansen og barokken. Kvar gard laga sine eigne plogar og fekk smeden til å lage skjer og jarnbeslag etter som dei hadde råd til. Det var mange lokale variasjonar, tilpassa jordsmonet på staden og lokal tradisjon.

Grindplog: Illustrasjon frå [9]. Denne illustrasjonen syner ikkje styret.
  • Grindplogar: Denne typen har ein separat kort ås som skjeret og nersida av veltefjøla er festa til. Han var festa til plogåsen (hovedåsen) med vertikale tverrtre, om lag som på ein grindard. Styret var ofte feste til det bakre vertikale tverrtreet. Veltefjøla var ofte er rett fjøl som var festa til det bakre tverrtreet eller til hovedåsen med ei fjøl som sytte for rett skråstilling. Skjeret var lenge av same typen som på ein ard og det var først i perioden 1740 — 1780 at usymmetriske skjer vart tekne i bruk[8]. På denne tida tok ein òg til å nytta krom veltefjøl. Grindplogar har vore i bruk over store delar av Midtausten og Europa, Norden inkludert. Firesidig plog var ein plogtype som var svært lik grindplogen. Namnet på dei ulike plogtypane kunne nok variera frå distrikt til distrikt og kanskje endra seg noko over tid.
På denne teikninga frå 1400-talet, henta frå[10], vert det pløgd med to oksar og hjulplog.
  • Hjulplogar: Hjulplogar har vore i bruk heilt frå mellomalderen og er å sjå på fleire gamle illustrasjonar. Bayeuxteppet frå 1077 evt. til dømes har ein illustrasjon av ein hjulplog og i Danmark meiner ein å ha funne prov på at hjulplogar var i bruk i 1285[8]. Desse hadde ein aksling med to hjul framom plogen. På nokre hjulplogar kvilte åsen direkte på akslingen, medan han på andre typar kvilte på ei ramme bygd over akslingen. I det siste tilfellet stod åsen på skrå ned mot plogkroppen. Det var vanleg at hjulet som gjekk i fora var større enn det som gjekk på upløgd mark.
Hjulplogar vart ofte nytta der det var stiv jord. Fram til slutten av 1700-talet var dei store og tunge og kravde ofte fire hestar[11] og på stiv jord var det nytta opp til fem hestar[12]. På 1700-talet vart det utvikla lettare modellar, men det var ofte stor motstand mot endringar[11]. Nokre nyare hjulplogar hadde eit lite djupnehjul i framkant. Denne typen var mykje lettare enn den eldre typen med aksling.
Svingplog. Illustrasjonn frå [9].
Ein fransk vendeplog for hest.
  • Svingplogar: Plogar utan hjul vert kalla svingplogar. Dei er enklare og letteare, men er meir krevjande å arbeida med, ettersom køyraren må styra plogen. Innstillinga har mykje å seia for kor lett plogen er å arbeida med. Svingplogane hadde fleire hol i festet, plassert i ulik høgd. Ved å flytta draget til skjækerne lenger opp gjekk plogen djupare og ved å flytta festet lengre ned gjekk han grunnare. På nokre svingplogar var det òg mogleg å flytta draget sidevegs for å justera fårbreidda.
Utvikla av svingplogen tok til på 1700-talet. Både i Nederland og Storbritannia vart det arbeidd med å konstruera plogar som var enklare og lettare enn hjulplogane. Sjølv om fleire enklare plogar vart konstruerte gjekk det tregt med å overtyda gardbrukarane til å ta dei i bruk. Dette hong mykje saman med at plogane vart laga lokalt i kvar bygd. Det var fyrst då ein tok til med industriell plogproduksjon på 1800-talet at dei nye plogane vart ålment aksepterte. I Storbritannia tok ein til å produsera plogar der alt var laga av jarn og seinare stål.
Etter at Dei amerikanske sambandsstatane reiv seg laus frå kolonimakta Storbritannia måtte dei produsera det dei trong lokalt. Dette førte til at fleire smedar tok til med plogproduksjon og på 1800-talet vart det starta industriell produksjon[13]. Willim Parlin var ein av dei fyrste[14]. Andre kjente produsentar, som John Deere og Oliver kom til seinare. Nord-amerikanske plogar vart òg importerte til Noreg. Dei hadde treås og var noko lettare enn britiske plogar[8].
  • Vendeplogar for hest: Sjølv om dei ikkje var så vanlege fanst det òg vendeplogar for hest. I Frankrike til dømes vart det produsert slike plogar. Dei var dyrare og noko vanskelegare å arbeida med, men ein slapp ryggane som ved teigpløying. I [15] vert det fortalt at dei på kvar gard hadde to plogar, ein «sørplog» og ein «nordplog», og at dei pløgde annankvart år med kvar av dei. I 1880 tok Mustads Fabrikker til å produsera vendeplogar i Noreg, slik at ein kunne pløya både fram og attende, noko som vart rekna som eit stort framsteg [15].
  • Fleirskjersplogar for hest: I mange land vart det produsert to-skjers, og meir sjeldan, tre-skjers hesteplogar. I USA vart det vanleg å montera sete på hesteplogar, av same type som på ei slåmaskin. Desse vart kalla «sulkyplogar».

Dampdrivne vippeplogar[endre | endre wikiteksten]

Pløying med dampdriven vinsjdriven vippeplog og jordanker i 1858.
Pløying med vinsjdregen vippeplog og to stasjonære damptraktorar.
Ein 5-skjers Kemna vippeplog frå 1921.

Utviklinga av dampmaskina førte til at ein tok til å nytta damptraktorar for å pløya med. På grunn av at damptraktorane var store og vanskelege å manøvrera vart dei i Europa utstyrte med vinsjar og nytta til å trekkja plogar med fleire skjer. Slike plogar var vanskelege å snu, så dei vart bygde som vippeplogar. Dette var eigentleg to plogar bygd saman, ein i kvar retning, med ein aksling og to hjul på midten. Plogen var symmetrisk om akslingen, slik at han balanserte om han. Ein kunne difor vippa ned plogen på den eine enden, alt etter kva retning plogen vart dregen. Det var naudsynt å ha ein person sittande på plogen for å styra han.

Dampdrivene vippeplogar var mykje nytta i Storbritannia og til dels i Tyskland. Nokre få vart importerte og testa ut i Sverige, men fekk ikkje noko gjennomslag. Det er ikkje kjent at dei vart importerte til Noreg. Det fyrste forsøket med å trekkja ein plog med ein dampdriven vinsj vart gjordt av John Heatcoat i 1834[11][16], men det var ikkje før i 1850-åra at denne metoden kom i praktisk bruk. Det var to system i bruk, den eine metoden, fremma av Howard, gjekk ut på å nytta berre ei dampmaskin og eit komplisert system med jordanker og ståltau rundt åkeren for å trekkje ein vippeplog. Det andre systemet nytta to damptraktorar, ein på kvar side av åkeren, som drog plogen i kvar si retning. Dette systemet, fremma av John Fowler & Co. var dyrare, men det hadde den føremonen at ein slapp det tunge arbeidet med å flytta jordankra for kvar får. Ein kunne òg nytta litt mindre kjelar, etter som kvar dampmaskin vart nytta i berre ei retning og slik fekk høve til å bygga opp damptrykket medan den andre maskina arbeidde. Dette utstyret var så dyrt at det berre var storgods som hadde råd til å kjøpa sine eigne maskinar. Dei fleste vart kjøpt av entrepenørar, som så tok på seg pløying for dei einskilde gardbrukarane. Det var systemet med to damptraktorar som fekk størt utbreiing og i Storbritannia var desse i bruk heilt til ut på 1930-talet. Medan Egypt var under britisk okkupasjon importerte okkupasjonsmakta damptraktorar og vinsjdrevne vippeplogar og nytta der.

Slepeplogar for traktor[endre | endre wikiteksten]

10-skjers slepeplog trekt av ein damptraktor i 1910 i Alberta i Canada, med skålhorv attom.
To-skjers slepeplog for traktor. Her ser ein òg korleis plogen er festa til trekkbommen på traktoren (ein Lanz).

I Nord-Amerika vart damptraktorane nytta for å pløya opp prærien og det var godt om plass og ikkje så farleg at traktorane var vanskelege å snu. Ein nytta difor slepeplogar som vart festa til traktorane med ein kjetting. Det vart nytta store saktegåande traktorar og mange plogkroppar. Det var ikkje uvanleg med 8- og 10-skjers plogar, men nokre plogar hadde opp til 14 skjer. For å få alle plokroppane til å pløya like djupt var det ofte naudsynt med fleire mann per plog. Desse stod på ei plattform fremst på plogen og justerte ployedjupna til dei ulike plogkroppane.

Rundt 1910 tok ein til å nytta traktorar med bensin eller parafinmotor, men det vart nytta same type plogar som for damptraktorane og farten var låg. I Europa tok ein òg til å nytta traktorar med innvendig forbrenningsmotor og både traktorane og plogane var mindre enn i Nord-Amerika. Ofte var det ombygde hesteplogar som vart nytta. I byrjinga vart plogen slepa etter ein kjetting og det var naudsynt å ha ein mann på plogen til å styra han. Etter kvart vart det utvikla plogar spesielt for traktor som vart dregne etter ein trekkbom på traktoren. Desse plogane vart utstyrte med spakar som føraren kunne nå, slik at ein ikkje trong å ha nokon til å styra plogen. Slepeplogar var den dominerande plogtypen fram til 2. verdskrig.

Slepeplogave hadde ei mekanisk løfteanordning, driven frå det eine hjulet. Ho vart kopla inn ved at føraren drog i ei snor ved enden av fåra. For å senka plogen drog han i snora på nytt.

Overgangen til løfteplogar[endre | endre wikiteksten]

Ferguson løfteplog montert i trepunktsopphenget på ein Ferguson TE-H20.

I 1936 kom Ferguson-Brown, med trepunktsoppheng, på marknaden, men salet gjekk tregt både av di han var om lag dobbelt så dyr som Fordson og av di det var naudsynt å kjøpa reiskap tilpassa trepunktsopphenget. I Nord-Amerika fekk løfteplogane innpass då Ford tok til å produsera Ford-Ferguson 9N i 1939. I Europa vart det ikkje fart på salet før Ferguson tok til å produsera TE-20 i 1946. Denne traktoren høvde godt på små brattlendte bruk og vart populær i Noreg, noko som førte til at løfteplogen òg vann innpass. I byrjinga vart det importert Ferguson-plogar, men etter kvart tok dei norske produsentane Kverneland, Kyllingstad og Underhaug til å produsera løfteplogar.

Galleri: Hestplogar[endre | endre wikiteksten]

Galleri: Slepeplogar for traktor[endre | endre wikiteksten]

Galleri: Løfteplogar for traktor[endre | endre wikiteksten]

Galleri: Delborne traktorplogar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Mangerud, K., Veien til bedre pløying, Høgskolen i Hedmark, Oppdragsrapport nr 4, 2009.
  2. Bell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996,
  3. T.J. Bauer, Jordbruksredskaper og -maskiner gjennom 200 år 1770-1970, Gamle Hvam Museum, 2000.
  4. Bridgden, R., Ploughs and ploughing, Shire Publishing, 1984.
  5. 'Ottomeyer Mammut Plough & Giant Steam Engines', YouTube. (vitja 17/11-2019)
  6. Emsland Moormuseum, arkivert frå originalen 12. mai 2013, henta 18. juli 2012 
  7. Tiefpflug "Mammut" der Firma Ottomeyer/Pyrmont im Emsland, YouTube. (vitja 17/7-2012)
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Olsen, S.M., Hesteredskap i norsk jordbruk, Landbruksforlaget, 2005.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 Brockhaus og Efron, Энциклопедический словарь (Leksikon), 1890—1907.
  10. Les Très Riches Heures du duc de Berry
  11. 11,0 11,1 11,2 Brown, J., Farm machinery 1750 — 1945, B.T. Batsford, 1989.
  12. Hart, E., Horse drawn farm implements, Japonica Press, 2003.
  13. Halberstadt, A., Plows & planting implements, MBI Publishing Company, 1997.
  14. Strode, A., The Parlin and Orendorff Factory in Canton Arkivert 2013-09-26 ved Wayback Machine., Illinois Periodicals Online.
  15. 15,0 15,1 Flaten, Hans, Hemsedal 1814—1914, Hemsedal kommunes forlag, 1996, s. 48
  16. Haining, J. og Tyler, C., Ploughing by steam, Model & Allied Publications Ltd., 1970
  17. Dějiny Československa (Tsjekkisk soge), 1437 - 1781.
  18. Merzbacher, G. og von Ammon, L., Aus den Hochregionen des Kaukasus Wanderungen, Erlebnisse, Beobachtungen, Duncker & Humblot, 1901.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]