Ard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein ard drege av to oksar er synt på ei helleristing i Tanum i Båhuslen i Sverige, tidfesta til bronsealderen.
Eit bilete frå helleristingane frå bronsealderen på Asberget i Tanum i Båhuslen syner at arden og sporet han lagar i jorda vert likna med det erigerte mannslemet under samleiet. Det som vert synt, er ei heilag rituell arding som skal styrke dei generelle fruktbare kraftene, slik det framgår av at oksar er å sjå i samband med ardinga. Scena refererer seg truleg til hendingar som er skildra i dåtidas mytologi.
Bruk av ard i Hellas, slik det er synt i ei framstilling frå omlag 530 før Kr.f. (Musée du Louvre, Paris).

Ard er ein reiskap nytta til å smuldre opp jorda for å gjere åkeren klar til å såast eller plantast til. I dei mest enkle utgåvene er arden lagd heilt i tre og berre sett saman av ei trekkstong som i eine enden har ein spiss stong i høveleg vinkel for å kunne skjere seg ned i jorda og rive opp ei fure når reiskapen vert drege framover, og dessutan ei opprett styrestong for at arden kunne haldast i rett posisjon. Arden vart drege av trekkdyr som til dømes okse, ku eller hest, eventuelt av eit menneskje, og er den eldste jordbruksreiskapen for trekkdyr som ein kjennar til, nytta i uminnelege tider mange stader i verda.

Arden er ein forløpar for kombinasjonen av plog og horv. Plogen kom ikkje i bruk i Norden før i vikingtida, slik det går fram av funn av restar av plogskjer av jarn som menneske då hadde fått med seg i grava. I motsetnad til plogen, som vender jorda heilt for kvar fåre, løyser arden berre opp jorda, eventuelt vender jorda litt opp i ein rygg dersom arden vert pressa litt mot eine sida. For å få smuldra opp jorda mest mogleg, var det vanleg med såkalla krossarding, å arde heile åkeren i ei lei fyrst, og deretter på tvers eller på skrå i høve til dette. Krossardinga kunne gjerast fleire gongar på same stykket for å få smuldra jorda godt opp.

I Norden har arden vore ein viktig reiskap heilt frå bronsealderen og enda lenger attende i tida, og gjorde framleis si nytte langt fram på 1900-talet. Både arkeologiske funn, bilete på helleristingar, og dessutan spor etter ard som har gått så djupt i molda på åkeren at det har vorte stripar av mørk mold i den ljosare undergrunnen, slik ein mellom anna har funne i grunnen under gravhaugar frå førhistorisk tid, vitnar om at arden har vore ein viktig reiskap i jordbruket i gamal tid.

Arden har under somme tilhøve føremoner som gjer han meir nyttig enn plogen, og er framleis viktigare enn plogen mange plassar i verda. Arden er til dømes vanlegvis ein lett reiskap som kan løftast eller gli over eller utanom stor stein i små og uregelmessige åkrar, og høver godt i småskalajordbruk. Det seies òg at det i område med mykje turke er best at jorda berre smuldrast utan å vendast, og eroderinga er òg større på jord som er vendt. Dessutan er arden ein universalreiskap som ikkje trengs å kombinerast med andre reiskap, til dømes ei horv, for å få gjennomarbeida åkeren for såing, slik det er naudsynt når det vert nytta plog. Med arden vart brakkmark og gamal åker brote opp og jorda smuldra, såkornet molda ned, ugraset reinska vekk og jorda gjort klart til ny såing neste sesong.

[endre] Sjå òg

Plog

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk