Hedemora kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hedemora kommun
Hedemora vapen.svg
Kommunevåpenet til Hedemora kommun
Len Dalarnas län
Landskap Dalarna
Centralort Hedemora
Areal 934,04 km²
 – Landareal 839,92 km²
 – Vassareal 94,12 km²
Folketal 15 301
Folketettleik 18,22/km²
Kommunenummer 2083
Nettside www.hedemora.se
Kart
Hedemora Municipality in Dalarna County.png

Hedemora kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. I Dalarnas län grensar kommunen til Säters kommun i vest og Avesta kommun i sørvest. Han grensar òg til Hofors kommun i Gävleborgs län i nord og Norbergs kommun i Västmanlands län i sør. Administrasjonssenteret i kommunen er Hedemora.

Den store rullesteinsåsen Badelundaåsen går gjennom kommunen i retning nordvest–søraust. Dalälven renn gjennom den midtre delen av kommunen, frå nord til sør. Kommunen har ein variert industri med vekt på gruveindustri og stål- og verkstadindustri. Han har òg næringsmiddelindustri, i tillegg til at jord- og skogbruk er viktige næringar. Berggrunnen i Hedemora kommun er rik på mineral, og dette har gjeve grunnlag for gruvedrift. Av landskap kan også dei mange små vatna i kommunen nemnast.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Ved kommunereforma i 1952 vart kommunane Garpenberg og Hedemora til storkommunen Hedemora landskommun. Det vart ikkje gjort endringar for Hedemora stad og Husby. Allereie tidleg i den prosessen som utgjorde blockkommunreforma, i 1967, vart Hedemora stad utvida med dei to andre kommunane. Då einskapleg kommunetype vart innført i 1971, vart den utvida byen omgjord til Hedemora kommun utan endringar i området.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På sølvbakgrunn, ei grøn gran.[1]

Våpenbiletet går tilbake til eit segl frå 1589. Det vart fastsett som våpen i 1943. Etter kommuneopprettinga vart våpenet registrert i Patent- och registreringsverket i 1974. Dei andre einingane som vart innlemma i kommunen hadde hatt sine eigne våpen, og desse vart ugyldige.

På kommunegreneskilta er det i dag to ulike variantar av kommunevåpenet. På dei gamle skilta, som kommunane sjølve fekk ansvaret for å få laga, er det ei smal gran (til dømes dersom ein kjem på länsväg 266 frå Falun), og denne vert også brukt på brev frå kommunen, offisielle dokument og heimesida til kommunen. På dei nyoppsette skilta, som ein mellom anna finn på riksväg 70, mot både Avesta og Säter, ser ein ei breiare gran. Dette skuldast at det i dag er Vägverket som har ansvaret for å setje opp skilta, og dei får oppgåvene sine frå statsheraldikaren.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er seks tettstader i Hedemora kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Hedemora 7 279
2 Långshyttan 1 764
3 Vikmanshyttan 897
4 Garpenberg 564
5 Västerby 371
6 Husby 250

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «I fält av silver en grön gran».