Home

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Home
Opphavsland Frankrike
Regissør Yann Arthus-Bertrand
Produsent Denis Carot
Luc Besson
Manus Isabelle Delannoy
Yann Arthus-Bertrand
Denis Carot
Yen le Van
Medverkande Glenn Close
(engelsk og nederlandsk)
Jacques Gamblin (fransk)
Salma Hayek (spansk)
Zhou Xun (mandarin)
Musikk Armand Amar
Filmselskap Europa Corp., sponset av PPR
Utgjevingsår 2009
Lengd 120 min.

Home er ein dokumentarfilm av Yann Arthus-Bertrand frå 2009. Filmen består nesten utelukkande av opptak gjort frå helikopter, av ulike stader på jorda. Han viser mangfaldet av liv på jorda og korleis menneskja trugar den økologiske balansen på planeten. Filmen vart sloppen samtidig den 5. juni 2009 på kinoar over heile verda, på DVD, Blu-ray, TV og på YouTube, med opning i 181 land.

Filmen vart finansiert av PPR som ein del av deira PR-strategi. PPR er eit fransk multinasjonalt holdingselskap som spesialiserer seg på butikkar og luksusmerkevarer.[1]

Om innhaldet[endre | endre wikiteksten]

Filmen handlar om dagens tilstand av jorda, klimaet og korleis vi som den dominerande arten har langsiktige konsekvensar for jorda si framtid. Eit tema uttrykt gjennom heile dokumentaren er samanhengen—korleis alle organismar og jorda er bundne saman i ein «delikat, men avgjerande» naturleg balanse med kvarandre, og korleis ingen organisme kan vere sjølvforsynt.

Dei første 15 minutta inkluderer opptak frå byrjinga av den naturlege verda, og startar med eincella algar utvikla på kanten av vulkanske kjelder. Ved å vise algane sin avgjerande rolle i utviklinga av fotosyntesen, utforskar det òg tallause artar av planter som alle har opphavet sitt i denne eincella livsforma.

I resten av den første timen av filmen, endrar dokumentaren til eit meir menneskeorientert fokus, viser jordbruksrevolusjonen og konsekvensane av han, før han går over til å snakke om å utnytte olje, som gir brennstoff, industri, byar og ujamn fordeling som aldri før. Han skildrar den noverande situasjonen omkring storfe-ranchar, avskoging, mat- og vassmangel, bruk av ikkje-fornybart «fossilt vatn», krisa omkring overforbruk og energimangel, spesielt elektrisitet. Byar som New York City, Las Vegas, Los Angeles, Shenzhen, Mumbai, Tokyo og Dubai er brukte som døme av vanstyre og svinn av energi, vatn og mat. Tilbakegangen for våtmark og isbrear blir vist med store luftbilete frå Antarktis, Nordpolen og Afrika.

Det er på dette punktet at filmen byrjar å fokusere på global oppvarming og karbonkrisa. Home viser korleis smeltande isbrear gjev stigande havnivå og skiftande vêrmønster som herjar dei menneska som har minst å gjere med klimaendringane, men òg korleis det snart vil påverke andre folkerike område.

Her er om lag tre minutt av filmen gjeve til vising harde fakta i stor kvit tekst på svart bakgrunn etterfølgt av ein videorepresentasjon av kvart faktum. Dette etterfølgjast av ein positiv konklusjon. Dokumentaren hevdar å vise «forferdelege sanningar» om påverknaden på jorda, men òg det vi no gjer for å kjempe imot og å reversere påverknadane: blant anna fornybar energi, etablering av fleire og fleire nasjonalparkar, internasjonalt samarbeid mellom ulike nasjonar på miljø og tillegg av utdanningar og reformer som skjer over heile verda som svar på dagens problem som jorda står ovanfor.

Filmproduksjonen[endre | endre wikiteksten]

Home vart filma i ulike steg ettersom dei skildra områda vart utvida, opptaka gjekk føre seg over halvanna år. I perioden flaug regissør Yann Arthus-Bertrand, ein kameramann, ein kameraingeniør og ein pilot i eit lite helikopter gjennom ulike regionar i over femti land. Innspelinga vart gjort med hjelp av HD Cineflex kamera. Desse kameraa, opphavleg produsert for militære føremål, reduserer vibrasjonar og bidreg til jamne bilete utan ristingar, som blir vist som om dei hadde vorte filma frå kranarmar eller kameravogner. Etter nesten kvar flyging, vart opptaka umiddelbart sjekka for å sikre at dei var brukbare.[2] Etter at filminga var ferdig, hadde Besson og mannskapa hans over 488 timar med opptak til redigering.[3]

Distribusjon og marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

For a fremje dokumentarfilmen på Internett, blei ein YouTube-kanal kalla «HomeProject» oppretta. Her vart det lasta opp fleire korte klipp frå filminga som fann stad i ulike delar av verda, inkludert polarsirkelen, Afrika og dei store metropolane som var med i utvalet.

Ein pressekonferanse blei halden i Paris den 9. mars 2009, der Yann Arthus-Bertrand og produsentar snakka til media om problemstillingane i filmen, der dei òg stadfesta at Home vil vere den første filmen nokosinne som samstundes blir sloppen på kino, på TV, på DVD og på Internett på fem kontinent.[4]

Den 5. mai 2009, blei den neste pressekonferansen halden i Paris, der det same mannskapet kunngjorde at filmen sin releasedato ville vere 5 juni 2009, verdas miljødag. Her annonserte dei òg at Home skulle vere 100 % gratis for alle å sjå, fordi «føremona med denne filmen kan ikkje teljast i dollar, men i sjåartal.» Dei avdekte òg at PPR skulle sponse filmen for å ta seg av uunngåelige kostnader.[5]

Filmen, som vart tilgjengeleg for gratis utgjeving fram til 14. juni, har vore kringkasta på 14 språk. Blu-ray-utgåva vart gjeve ut av 20th Century Fox, og har både engelsk og fransk versjon. Han er forventa å selje i overkant av 100 000 eksemplar. Når produksjonskostnadene er tent inn, vil alle inntektene gå til Good Planet Company.[6][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]