Huldrych Zwingli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Huldrych Zwingli

Ulrich Zwingli eller Huldrych Zwingli (fødd 1. januar 1484 i Wildhaus i Sveits, død 11. oktober 1531 i Kappel am Albis) var ein teolog som vert rekna som grunnleggjaren av den reformerte kyrkja.

Zwingli studerte i Wien og Basel og tenestegjorde som prest i Grossmünster i Zürich frå 1519. Han var frå byrjinga tilhengjar av Erasmus, men utvikla etter 1519 ei reformatorisk oppfatning i samband med studiane sine av Paulus og Augustinus. Etter nokre kranglar med katolikkane, anerkjende magistraten standpunktet til Zwingli som det rette og reformasjonen vart gjennomført i Zürich.

I 1530 hadde reformasjonen til Zwingli spreidd seg til Bern, Basel, Bodensjø-området og Strasbourg. Han lukkast derimot ikkje forsøket i å reformere dei katolske kantonane i Sveits med makt. Zwingli fall i slaget ved Kappeln, der han deltok som feltprest.

Forsøket på å nå eit felles standpunkt med Martin Luther ved religionssamtalane i Marburg (Marburger Religionsgespräche) i 1529 mislukkast på grunn av usemje om nattverda. Zwingli såg på nattverda som ei symbolsk handling, medan Luther meinte at Jesus Kristus var til stades i kjøt og blod.

Gjennom Heinrich Bullinger, etterfølgjaren til Zwingli som leiar for kyrkja i Zürich, virka læra til Zwingli vidare og influerte den reformerte teologien, men i mindre omfang enn Jean Calvin.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • De vera et falsa religione (Zürich 1525)
  • Amica exegesis (1527)
  • Fidei ratio (Zürich 1530)
  • Christianae fidei brevis et clara expositio ad regem christianum (Zürich 1536)
  • Sämtliche Werke (Zürich 1545 u. 1581)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hottinger, Huldreich Zwingli und seine Zeit (Zürich 1842)
  • Tichler, Zwingli, de kerkhervormer (Utr. 1857-58, 2 Bde.)
  • Christoffel, Zwinglis Leben und ausgewählte Schriften (Elberf. 1857, 2 Bde.)
  • Mörikofer, Ulrich Zwingli (Leipz. 1867-69, 2 Bde.)
  • Zeller, Das theologische System Zwinglis (Tübing. 1853)
  • Sigwart, Ulrich Zwingli (Stuttg. 1855)
  • Spörri, Zwingli-Studien (Leipz. 1866)
  • Werder, Zwingli als politischer Reformator (Basel 1882)
  • A. Baur, Zwinglis Theologie (Halle 1885- 89, 2 Bde.)
  • Witz, Ulrich Zwingli, Vorträge (Gotha 1884).
  • Ulrich Gäbler, Huldrych Zwingli. Eine Einführung in sein Leben und sein Werk, Evangelische Verlagsanstalt: Berlin 1985.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Huldrych Zwingli

Kjelder[endre | endre wikiteksten]