Id ul-adha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Id ul-adha (arabisk عيد الأضحى) er ei høgtid innan islam der muslimar minnest korleis profeten Ibrahim (Abraham) var villig til å ofra sonen sin til Gud. Denne høgtida er saman med id ul-fitr den viktigaste festen i islam, og blir feira av alle muslimar. Høgtida tek til den tiande dagen av månaden dhul hidja, like etter hadj, og varer i fire dagar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Forteljinga om korleis Ibrahim var villig til å ofra den einaste sonen sin til Gud står sentralt i dei abrahamittiske religionane. Medan dei var på veg til offerstaden prøvde djevelen å overtala Ibrahim til å bryta påbodet frå Allah, men profeten heldt seg fast. Like før han skulle utføra offeret, stoppa Gud han og gav han ein sau å ofra i staden. Denne soga er skildra i Koranen 37:99–111. Innan muslimsk tradisjon er sonen Ismael, og handlinga skulle skje i Mina nær Mekka.

Feiring[endre | endre wikiteksten]

Den første dagen av id ul-adha er den viktigaste. Alle kler seg i dei beste kleda sine og ber saman i store forsamlingar. Dei som har råd ofrar dyr, som regel sau, og deler kjøtet med naboar, slekt og dei fattige.

Tidspunkt[endre | endre wikiteksten]

Feiringa av id ul-adha er knytt til kva tid ein ser månen ved byrjinga av dhul hidja. Framtidige datoar er derfor berre omtrentlege. Etter den gregorianske kalenderen byrjar eller byrja høgtida ved solnedgang kvelden før:

  • 2010: 17. november
  • 2011: 6. november
  • 2012: 26. oktober
  • 2013: 15. oktober
  • 2014: 4. oktober
  • 2015: 23. september

Namn[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike muslimske samfunna i verda har fleire namn på høgtida. Ho er òg velkjend som id al-kebir, 'den store høgtida'. I Tyrkia blir ho kalla kurban bayramı, offerfesten, eit namn som òg blir brukt i Bosnia. Eit anna namn med den same tydinga, qurbani id, blir brukt i Bangladesh. I Pakistan og India snakkar ein ofte om bakr-id, 'geite-id', fordi ein oftast ofrar geiter her. I Singapore, Malaysia og Indonesia er feiringa kjend som hari raya adiladha, haji (pilegrimsreise) eller korban (offerfest). I Vest-Afrika kjenner ein henne som tabaski.