Imperial Airways

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Imperial Airways

BransjeLuftfart, lufttransport
Skipa31. mars 1924
HovudkontorCroydon
LandStorbritannia

Imperial Airways var det nasjonale flyselskapet til Storbritannia mellom 1924 og 1939. Det tente deler av Europa, men spesielt det britiske imperiet med ruter til Sør-Afrika, India og Det fjerne Austen. Imperial samarbeidde lokalt med Qantas (Queensland and Northern Territory Aerial Service sin Ltd) in Australia, og TEAL (Tasman Empire Airways Ltd) i New Zealand.

Imperial Airways blei fusjonert inn i British Overseas Airways Corporation (BOAC) i 1939. BOAC slo seg seinare saman med British European Airways (BEA) i 1974 for å skipa form British Airways.

Selskapet vert danna[endre | endre wikiteksten]

Som følgje av råd og oppfordringar frå den britiske regjeringa slutta dei viktigaste eksisterande engelske flyselskap seg saman for å danna eit selskap som hadde som mål å verta sterkt nok til å utvikla britisk luftfart til å verta bindeleddet innan imperiet. Regjeringa tilbaud å subsidiera det nye selskapet med 1 million pund over ti år. Imperial Airways Limited vart grunnlagt 31. mars 1924. Selskapa som slo seg saman var British Marine Air Navigation Company Ltd (med tre flybåtar), Daimler Airway (fem fly), Handley Page Transport Ltd (tre fly) og Instone Air Line Ltd (to fly). Basen til selskapet var på Croydon Airport.

Den fyrste kommersielle flyginga fann stad i april 1924, då ei dagleg London-Paris-rute vart opna. Flygingar til andre byar i Europa starta over sommaren. Imperial Airways fekk dei fyrste flya sine i november 1924. I løpet av selskapet sitt fyrste driftsår vart det transportert 11 395 passasjerar og 212 380 brev.

Forlenginga av rutenettet til Imperiet starta fyrst i 1927 då seks nye fly vart skaffa med flygingar frå Kairo til Basra. men dei første flygingane frå London til Karachi starta ikkje før i 1929 med nyinnkjøpte Short S.8 Calcutta-sjøfly. Passasjerane vart transporterte med tog frå Paris til Middelhavet der Short-sjøflya hadde base. I februar 1931 starta ei vekentleg rute mellom London og Tanganyika som eit ledd i den påtenkte samband til Cape Town og i april vart det utført ei prøveflyging med post London-Australia. Åtte Handley Page H.P.42 fire-motors fly vart tekne i bruk i 1932, og flygingane til Afrika vart forlenga til Cape Town.

I 1934 danna Imperial Airways Qantas Empire Airways Limited (Qantas) for å utvida rutenettet i Søraust-Asia Men det var ikkje før i 1937 med introduksjon av Short Empire-sjøfly at Imperial kunne tilby ei gjennomgåande rute frå Southampton til Imperiet. Turen til Kappstaden gjekk via Marseille, Roma, Brindisi, Athen, Alexandria, Khartoum, Port Bell, Kisumu og vidare med landbaserte fly til Nairobi, Mbeya og knyter til Cape Town. Ein utførte òg prøveflygingar over Atlanterhavet og til New Zealand. Sommaren 1937 hadde Imperial gjennomført si flyging nummer 1 000 til britske oversjøiske besittelsar.

Air Mail[endre | endre wikiteksten]

Speed Wings Over the World, statue på ein portal over hovudinngangen til Empire Terminals
Handley Page H.P.42

Empire Air Mail Programme byrja i juli 1937. Portotaksten for brev kvar som helst var 1½ penny per ounce. Halvveges inn i 1938 hadde hundre tonn med luftpost vorte sendt til India og eit tilsvarande kvantum til Afrika. Same år byrja bygginga av Empire Terminal i Victoria Station i London, teikna av A. Lakeman og med ein statue av Eric Broadbent, Speed Wings Over the World over hovudinngangen. Frå terminalen gjekk det eigne tog til Southampton som var utgangspunktet for sjøflya og til den no nedlagde Croydon Airport. Terminalen var i bruk seinast i 1980.

Samanslutting[endre | endre wikiteksten]

Samanlikna med andre selskap (Air France, KLM, Lufthansa) låg Imperial etter i Europa. Det vart sett fram forslag om at alt europeisk trafikk skulle overførast til konkurrenten British Airways Ltd. (grunnlagd i 1935). Dette selskapet hadde ein meir moderne flåte og betre organisasjon. Men i november 1939 vart både Imperial og British Airways Ltd slått saman i eit ny statleg eid selskap: British Overseas Airways Corporation (BOAC). Det nye selskapet overtok Imperial sin Speedbird-logo, som er vidareført i dagens British Airways Speedmarque, og uttrykket (Speedbird) er framleis kallesignal til BA.

Til trass for at Imperial Airways berre eksisterte i seksten år så etterlét det seg ein betydeleg arv. Selskapet hadde bevist at regelmessige langdistanseruter både var moglege og praktiske. Imperial hadde lagt grunnlaget for moderne luftfart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]