Nasjonalstat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein nasjonalstat er ein stat der folkesetnaden utgjer éi einsarta språkleg og kulturell gruppa med sams soga, det som etnos-definisjonen kallar ein nasjon. Endå dette slaget stat har vore halde som idealstaten av nasjonsbyggjarar oppgjennom dei siste hundreåra, finst det knappast døme på nokon slik einsarta stat. Det næraste me kjem er Island, som ikkje har nokon språkleg minoritet. Etter Island plar ein rekna Portugal og Japan som tilnærma nasjonalstatar (jamvel om urfolket ainu held til i Japan). Dessutan kunne Somalia kanskje høva, dersom landet hadde hatt ein sentraladministrasjon.

Ordet nasjonalstat vert bruka mykje, for di om den idealtypiske utgåva knapt finst. Då er det gjerne tala om statar der éi folkegruppa dominerer, so som Noreg, Sverige, Tyskland og Frankrike. I slike land gjev gjerne éin nasjon namn til landet, soleis sveane til Sverige, tyskarane til Tyskland, finnane til Finland og danane til Danmark (medan Noreg derimot har teke namn etter ei skipsleid). Dette til skilnad frå jamnare samansette land som Sveits, Belgia, India og Nigeria.

Mange ekstreme former for nasjonalisme har den reine nasjonalstaten som hovudmålsetnad.