Is There Anybody Out There?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Is There Anybody Out There?
Song av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Utgjeve 30. November 1979
Innspelt April-november, 1979
Sjanger Progressiv rock
Lengd 2:44
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

Is There Anybody Out There? er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen, som nesten er for ein instrumental å rekne, vart gjeven ut på albumet deira The Wall i 1979.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Den første halvdelen av songen byggjer vidare på konseptet bak «Hey You», som er songen før «Is There Anybody Out There?» på albumet. Denne delen er roleg med mørk synthesizerlyd med setninga «Is there anybody out there?» som vert gjentatt fire gonger. Den andre halvdelen er ein instrumentaldel i form av ein klassisk gitar solo. I fleire intervju har David Gilmour fortalt at han prøvde å spele den, men vart aldri nøgd med resultatet. Den klassiske studiomusikaren Ron di Blasi vart henta inn av Michael Kamen for å spele soloen. Gilmour seier òg at det eigentleg var Bob Ezrin som skreiv songen, men at Roger Waters tok æra for den. Den kvinande sireneliknande lydeffekten under songen vart laga på same måte som på den tidlegare Pink Floyd-songen «Echoes». Effekten er laga av Gilmour på gitar. Songen inneheld to klipp frå TV-program, og desse to er klipp frå episodar av Gunsmoke og Gomer Pyle, USMC.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Tidleg på 1980-talet vart songen brukt i ein kinoreklame for den veldedige organisasjonen Samaritans.
  • Heilt på slutten av songen kan ein svakt høyre Waters skrike «I got a little black book with me poems in!», som er ei tekstlinje frå det neste sporet på albumet, «Nobody Home».

Kjelde[endre | endre wikiteksten]