The Wall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Wall
Dobbeltalbum av Pink Floyd
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt April-november 1979 i CBS Studios i New York City, Producers Workshop i Los Angeles, Super Bear og Miravel i Frankrike.
Sjanger Progressiv rock
Lengd 81:29
Selskap Harvest Records, EMI (Storbritannia)
Columbia, Capitol (USA)
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters
Kritikk
Pink Floyd-kronologi
Animals (1977) The Wall The Final Cut (1983)

The Wall er eit konseptalbum av Pink Floyd frå 1979. Størstedelen av albumet er skrive og sunge av Roger Waters. Både kritikarar og tilhengjarar meiner at dette albumet er blant dei aller beste Pink Floyd-albuma. Albumet er òg kjend som ein klassikar i rockehistoria, og dei makabre og depressive songane har inspirert mange noverande rockemusikarar. I løpet av innspelingane tok Waters meir eller mindre fullstendig kontroll over bandet, og dette førte til at dei andre bandmedlemmane medverka lite på låtskrivarsida. Dette førte igjen til ein del konfliktar mellom bandmedlemmane. Albumet er ei av dei mestseljande platene gjennom historia med over 30 millionar selde eksemplar.

Konsept[endre | endre wikiteksten]

Vista-error.png Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Historia omhandlar det oppdikta livet til antihelten Pink, som vert slått ned og nedkjempa av samfunnet frå ung alder. Han mista far sin (drepen under eit slag i Italia under Andre verdskrig, slik som Roger Waters sin far), måtte takle si oververnande mor og vart undertrykt på skulen av tyranniske og fornærmande lærarar, som prøvde å forme han og andre elevar slik som samfunnet «ville» ha dei. Pink trekkjer seg inn i si eiga fantasiverd og byggjer ein imaginær mur, ein allegori for det å vere kjenslemessig fjern for å kunne verne seg sjølv mot omverda. Kvar einaste dårlege oppleving i livet hans er «ei ny brikke i muren» (another brick in the wall). Etter å ha grubla på korleis han skal fylle inn dei siste brikkene i muren, lèt han bygginga vente ei stund. Han vert ei rockestjerne og giftar seg, men ho er trulaus mot han på grunn av hans mangel på kjensler. Etter dette trekkjer han seg tilbake og byggjer ferdig muren.

Pink vert sakte, men sikkert mentalt ustabil bak den nye muren sin. Han har gått seg vill på innsida, men i rolla som rockestjerne krev omverda at han vender tilbake og han får ei sprøyte for å «kome seg gjennom konserten», som bandet syng i «Comfortably Numb». Pink hallusinerer og trur han er ein fascistisk diktator, og konsertane hans vert som nynazistiske møte der han får sine eigne menn til å ta tilhengjarar han meinte var uverdige. Men samvitet hans hamnar i ein indre rettssak, der hans indre dommar dømer han til å rive ned muren for opne seg sjølv for omverda. På dette punktet mot av slutten av albumet kan ein høyrer orda «Isn’t this where...» før siste sporet brått sluttar. Resten av setninga finn ein igjen i det albumet startar, der ein kan høyre orda «...we came in?», noko som hintar om at Waters har tenkt på temaet som syklisk.

Albumversjon[endre | endre wikiteksten]

Roger Waters vart inspirert til å lage albumet under ein konsert i Montreal i Canada 6. juli 1977, som var den siste konserten under In the Flesh-turnéen etter Animals. Ein tilhengjar fyrte opp ein rakett, og Waters kjefta på han frå scenen. Etter dette gjekk det nedover, og då ein annan tilhengjarar byrja å klatre på gjerdet mellom publikum og scenen, gjekk Waters bort til han og spytta han i andletet. Etter konserten skal Waters ha angra på det han gjorde og meinte at det hadde oppstått ein mur mellom bandet og publikum. Dette fekk han inn på ideen om konseptet bak The Wall.

Under innspelingane følte Waters at Richard Wright medverka svært lite til bandet, og tvinga han ut av bandet etter at The Wall var ferdig, og truga med å nekte å gje ut albumet som Pink Floyd om ikkje Wright for sin veg. Waters hevdar at David Gilmour og Nick Mason støtta han i synet på å sparke Wright. Gilmour og Mason har derimot sagt i etter kant at dei var imot dette. Wright var ikkje lenger med i bandet, men vart leigd inn som musikar på den påfølgjande turnéen. Ironisk nok førte dette til at Wright vart den einaste av dei fire som faktisk tente pengar på turnéen, sidan dei spektakulære konsertane gjekk med store tap. Gilmour har seinare sagt at han sjølv, Waters, Bob Ezrin, Michael Kamen og Freddie Mandell gjorde mykje av piano- og orgeldelane. Medprodusent og lydteknikar James Guthrie hugsar derimot at Wright medverka ein god del, blant anna med det han omtalar som «fantastiske hammondorgelparti»

Albumet vart spelt inn i fire forskjellige studio over ein periode på åtte månadar, eitt i New York City (CBS Studios), eit i Los Angeles (Producers Workshop, der albumet òg vart miksa) og to i Sør-Frankrike (Super Bear og Miravel). Årsaka til at albumet ikkje vart spelt inn i England var dei britiske skattereglane.

For «Another Brick in the Wall (Part II)», trong Pink Floyd eit barnekor, og dei møtte læraren Alun Renshaw frå Islington Green School like om hjørnet frå deira Britannia Row Studios midt i ein skuletime. Koret fekk ikkje lov å høyre resten av songen etter at dei hadde sunge refrenget, og vart skuffa sidan dei ville høyre Gilmour sin solo. Koret vart spelt inn tolv gongar og lagt oppå kvarandre slik at koret skulle virke større. Skulen fekk £1000 for jobben og det vart ikkje gjort nokre andre avtalar om honorar. I 1996 saksøkte derimot koret Pink Floyd for honorar dei meinte dei hadde krav på, og kvart kormedlem vart tildelt £500 kvar.

Plata vart gjeve ut på Columbia Records i USA og Harvest Records i Europa. I 1994 vart plata renovert med ny digital lyd, medan ei utgåve med enno betre lyd kom i 1997.

The Wall debuterte på 51. plass på Billboardlista i desember 1979 og ein månad seinare låg den på førsteplass der den heldt seg i 15 veker på rad. Albumet låg på lista i to år. I Storbritannia nådde plata tredjeplass på det høgaste. Albumet er framleis det mest selde albumet i USA med 23 millionar eksemplar.

Albumet gav i tillegg fleire hitsinglar for Pink Floyd, mellom anna «Another Brick in the Wall (Part II)», «Young Lust», «Hey You», «Comfortably Numb» og «Run Like Hell».

Konsertversjon[endre | endre wikiteksten]

Bandet byrja å øve til The Wall-konsertane kort tid etter at albumet kom ut i desember 1979 ved Paramount Studios i Los Angeles, og øvingane varte til januar 1980, før dei flytta til Los Angeles Memorial Sports Arena for dei første konsertane. Pink Floyd framførde berre The Wall i visse utvalde byar. Dette kom av det gigantiske showet dei hadde med seg, som involverte å byggje ein svært mur på tvers av scenen mellom bandet og publikum i tillegg til andre rekvisittar som svære skjermar, oppblåste grisar og pyroteknikk. Dei første konsertane var i Los Angeles frå 7. til 14. februar 1980, så i New York City 4.8. august 1980, så i Dortmund i Tyskland 21.28. februar 1981, og til slutt over ei veke i Earls Court i London 13.17. juni 1981. Roger Waters framførde seinare heile verket i Berlin i 1990.

Showet starta med at ein konferansier las opp ei liste med kva som var lov og ikkje, så kom eit «surrogatband» fram på scenen og framførde «In the Flesh?». Dette bandet bestod av Andy Bown på bass, Snowy White på gitar (Andy Roberts erstatta White på konsertane i 1981), Willie Wilson på trommer og Peter Wood på tangentar. Surrogatbandet hadde masker som likna det verkelege Pink Floyd, som stod i mørket lenger bak på scenen. Så styrtar eit fly på scenen og «surrogatbandet» bråstoppar og heilt urørleg vert dei senka ned i golvet på scenen, medan det verkelege bandet kom fram i lyset. Under første halvdel av showet vart det bygd ein enorm mur av 420 pappbrikker, samtidig som store oppblåste dokker av læraren, kona og mora svevde over muren. I den andre halvdelen stod bandet bak muren og spelte. Eit par brikker vart tatt bort slik at ein akkurat kunne skimte David Gilmour spele «Is There Anybody Out There?». Roger Waters song «Nobody Home» og «Vera» frå eit hotellrom som opna seg i muren. Under «Comfortably Numb» song Roger Waters sin del utkledd som ein lege i kvit frakk føre muren, medan David Gilmour stod på toppen av muren og spelte den vidgjetne gitarsoloen. Muren vart til slutt rive ned under «The Trial».

Dei store dokkene som vart brukt under konsertane var designa av Gerald Scarfe og animasjonane hans vart vist på ein sirkelforma skjerm bak muren, og seinare på sjølve muren. Det store sceneshowet kravde mykje utstyr, blant anna ein stor krane, og det heile kosta svært mykje å få til. Dermed tapte bandet mykje pengar på konsertane, bortsett frå Rick Wright, som på denne tida fekk honorar som innleigd musikar.

Bandet ville gje publikum ei teatralsk oppleving i staden for berre songane framført av bandet. Derfor tok Waters på seg rolla som Pink i fleire av songane. Sjølv i dag vert desse konsertane rekna for å vere nokre av dei største rockekonsertane gjennom tidene.

I 2000 vart dei beste framføringane frå desse konsertane samla på ei konsertplate kalla Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81. Utgjevinga inneheld songane «What Shall We Do Now?» og «The Last Few Bricks», som ikkje er med på studioalbumet. Den første av desse vart tatt bort på grunn av plassmangel på albumet, medan den andre var ei instrumental blanding av songar som var spelt tidlegare i konserten slik at scenearbeidarane kunne byggje ferdig muren. I tillegg inneheldt albumet den fulle versjonen av «The Show Must Go On», som i studioutgåva berre inneheldt det andre verset etter introen.

Filmversjon[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå filmen Pink Floyd The Wall.

I 1982 kom det ein filmversjon av albumet kalla Pink Floyd The Wall som var regissert av Alan Parker med Bob Geldof i hovudrolla. Manuset var skriven av Roger Waters, og filmen hadde musikk frå albumet, men mykje av dette var spelt inn på nytt med ny og ekstra instrumentering, i tillegg til små endringar i både tekst og musikk. Filmen inneheldt ikkje songane «Hey You» og «The Show Must Go On». Bob Geldof song begge versjonane av «In the Flesh» i filmen. Geldof var visstnok svært vanskeleg å ha med å gjere under innspelinga av denne vokalen, og Gilmour kalla han stygge ord. I 2002 var derimot Geldof gjesteartist på ein av Gilmour sine solokonsertar, og han utvikla seinare Live 8 der Pink Floyd spelte.

Filmen inkluderer òg songen «When the Tigers Broke Free», som var skriven spesielt for filmen, og songen «What Shall We Do Now?», som ikkje fekk plass på albumet. I tillegg var det eit par songar som ikkje var laga av Pink Floyd i filmen. Den klassiske Vera Lynn-songen «The Little Boy That Santa Claus Forgot» opnar filmen, medan Pink syng eit lite utdrag av Roger Waters sin solosong «5.11 A.M. (The Moment of Clarity)», som seinare dukka på på Waters sitt soloalbum The Pros and Cons of Hitch Hiking frå 1984. Då læraren finn diktet til Pink, som han har skrive i skuletimen, les læraren diktet høgt for klassen, og det er eit tekstutdrag frå «Money» frå The Dark Side of the Moon. «Hey You» var opphavleg filma for filmen, men vart til slutt tatt bort fordi filmen elles ville ha vore for lang og skapt forvirring. Dette utdraget finst som ekstra materiale på DVD-utgåva av filmen.

Bob Hoskins spelte rolla som Pink sin manager.

Filmen inneheld og fleire animasjonssekvensar av Gerald Scarfe. Det var òg meininga at klipp frå konsertane skulle brukast i filmen, og eit par av konsertane vart derfor filma. Ingen av desse klippa vart derimot brukt, og konsertopptaka har foreløpig ikkje blitt gjeve ut.

Sceneversjon[endre | endre wikiteksten]

I 2004 vart det annonsert at Waters hadde signert kontraktar for ein musikalversjon på Broadway for albumet med ekstra musikk skrive av Waters. Foreløpig er det ikkje kjend når og om det vert sett opp.

Etter brotet[endre | endre wikiteksten]

Etter at Waters drog bort frå bandet hadde han og bandet ein rettstvist om rettane til namnet «Pink Floyd». Han tapte namnet, men vann rettane til bruk av The Wall, sidan namnet hans er tett knytt til albumet. Dette betydde at han eigde heile prosjektet, bortsett frå dei tre songane Gilmour skreiv musikk for («Young Lust», «Comfortably Numb» og «Run Like Hell») i tillegg til bileta tilknytte albumet. På dei seinare turnéane måtte Pink Floyd betale Waters for å spele songane han hadde medverka på, i tillegg til $400 for å bruke den oppblåste grisen (noko Gilmour snodde seg unna ved å setje testiklar på grisen). Waters framførte ein gigantisk konsertversjon av The WallPotsdamer Platz i Berlin den 21. juli 1990 med fleire gjesteartistar føre eit publikum som kan ha vore så stort som 300 000. Dette var for å feire fallet av Berlinmuren og som pengeinnsamling for World War Memorial Fund for Disaster Relief. Fleire av songane her var endra i forhold til tidlegare med utvida gitarsoloar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Roger Waters, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Solovokal Lengd
1. «In the Flesh?»     Waters 3:19
2. «The Thin Ice»     Gilmour, Waters 2:27
3. «Another Brick in the Wall Part 1»     Waters 3:21
4. «The Happiest Days of Our Lives»     Waters 1:46
5. «Another Brick in the Wall Part 2»     Gilmour, Waters 4:00
6. «Mother»     Waters, Gilmour 5:36
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Solovokal Lengd
1. «Goodbye Blue Sky»     Gilmour 2:45
2. «Empty Spaces»     Waters 2:10
3. «Young Lust»   Waters, Gilmour Gilmour 3:25
4. «One of My Turns»     Waters 3:35
5. «Don't Leave Me Now»     Waters 4:16
6. «Another Brick in the Wall Part 3»     Waters 1:14
7. «Goodbye Cruel World»     Waters 1:13
Side tre
# Tittel Låtskrivar(ar) Solovokal Lengd
1. «Hey You»     Gilmour, Waters 4:40
2. «Is There Anybody Out There?»     Waters 2:44
3. «Nobody Home»     Waters 3:26
4. «Vera»     Waters 1:35
5. «Bring the Boys Back Home»     Waters 1:21
6. «Comfortably Numb»   Gilmour, Waters Waters, Gilmour 6:24
Side fire
# Tittel Låtskrivar(ar) Solovokal Lengd
1. «The Show Must Go On»     Gilmour 1:36
2. «In the Flesh»     Waters 4:13
3. «Run Like Hell»   Gilmour, Waters Waters 4:19
4. «Waiting for the Worms»     Waters, Gilmour 4:04
5. «Stop»     Waters 0:30
6. «The Trial»   Waters, Ezrin Waters 5:13
7. «Outside the Wall»     Waters 1:41

Fleire spor frå filmen[endre | endre wikiteksten]

Spor frå konsertane[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonan av The Wall, Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81, inneheld følgjande spor som ikkje er på originalalbumet.

Spor som ikkje vart brukt[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege planen var eit trippelalbum, men Waters korta det ned og tok med nokre av songane på den neste plata The Final Cut.

  • «Is There Anybody Out There (Part II)», som inneheld tekst som ikkje vart brukt andre stader. Delar av denne vart seinare omarbeidd til «Hey You».
  • «Your Possible Pasts» vart seinare omskrive for The Final Cut, men linja «Do you remember me/How we used to be/Do you think/We should be/Closer?» vart brukt i filmen.
  • «One of the Few» - hadde arbeidstittelen «Teach» - og vart seinare omskriven for The Final Cut.
  • «The Final Cut» vart òg omskrive for albumet The Final Cut. Ei tekstlinje frå songen er «Dial the combination/Open the priest-hole/And if I'm in, I'll tell you what's behind the wall» På albumet kan ein høyre eit skot i staden for «behind the wall» for å dekkje over samanhengen med The Wall. Heile teksten er likevel skrive i omslaget.

Mederkande[endre | endre wikiteksten]

med

  • Lee Ritenour — rytmegitar på «One of My Turns» og akustisk gitar på «Comfortably Numb»
  • Jeff Porcaro — Trommer på «Mother»
  • Joe Porcaro — Marsjtromme på «Bring the Boys Back Home»
  • Blue Ocean — Marsjtromme på «Bring the Boys Back Home»
  • Freddie Mandell — Hammondorgel på «In the Flesh?» og «In the Flesh»
  • Bobbye Hall — Perkusjon
  • Ron di Blasi — Klassisk gitar på «Is There Anybody Out There?»
  • Larry Williams — Klarinett på «Outside the Wall»
  • Trevor Veitch — Mandolin
  • Frank Marrocco — Concertina
  • Bruce Johnston — Korist
  • Toni Tennille — Korist
  • Joe Chemay — Korist
  • Jon Joyce — Korist
  • Stan Farber — Korist
  • Jim Haas — Korist
  • Musikklasse frå Islington Green School i London — Kor
  • Bob Ezrin — medprodusent, orkesterarrangement, tangentar
  • Michael Kamen — orkesterarrangement
  • James Guthrie — Medprodusent, lydteknikar, perkusjon, syntheziser på «Empty Spaces» (i samarbeid med David Gilmour), trommer på «The Happiest Days of Our Lives» (i samarbeid med Nick Mason)
  • Nick Griffiths — Lydteknikar
  • Patrice Queff — Lydteknikar
  • Brian Christian — Lydteknikar
  • John McClure — Lydteknikar
  • Rick Hart — Lydteknikar
  • Robert Hrycyna — Lydteknikar
  • Phil Taylor — Lydutstyr
  • Gerald Scarfe — Albumdesign

Forskjellig[endre | endre wikiteksten]

  • I byrjinga av konsertalbumet frå 1980–81 kan ein høyre Vera Lynn-song «We'll Meet Again», og ein referanse til Lynn og songen finn ein i første linja på songen «Vera» («Does anybody here remember Vera Lynn? / Remember how she said that we would meet again some sunny day?»).
  • «Empty Spaces» byrjar med ei hemmleg melding spelt baklengs:

Roger Waters: «Congratulations, You have just discovered the secret message. Please send your answers to 'Old Pink', Care of 'The Funny Farm', Chalfonte...»
[før lydteknikaren James Guthrie seier] «Roger, Caroline's on the phone...»

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Another Brick in the Wall (pt.2)»/«One of My Turns» - frå 8. januar 1980
  • «Run Like Hell»/«Don't Leave Me Now» - april 1980 (Nederland, Sverige og USA)
  • «Comfortably Numb»/«Hey You» - juni 1980 (USA og Japan)