James Guthrie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James Guthrie
Fødd 14. november 1953
Edmonton i Middlesex i England
Sjanger Rock
Aktive år 1973 til i dag
Yrke Lydteknikar, plateprodusent
Tilknytte artistar Pink Floyd

James K.A. Guthrie (fødd 14. november 1953) er ein britisk lydteknikar og og plateprodusent som er mest kjend for arbeidet sitt med Pink Floyd. Han var lydteknikar og produsent for bandet sidan 1978. Han eig òg das boot recording i Lake Tahoe i California.

Guthrie var lydteknikar og medprodusent for albumet The Wall (1979), og den påfølgjande turneen og har i ettertid arbeidd med bandet i ulike rollar på alle utgjevingar sidan den gong. Han har òg ført oppsyn med nyutgjevinga til CD av heile katalogen og vore teknikar under nyutgjevingar av albuma til 5.1 kringlyd. James Guthrie fekk ein «Grammypris» for beste lyd på Pink Floyd The Wall i 1982. Guthrie var bindeleddet mellom Roger Waters og resten av Pink Floyd etter at Waters forlét bandet, og han klarte å få til eit samarbeid mellom medlemmane om utgjevinga av samlealbummet Echoes i 2001.

Guthrie har vore å finne bak miksepulten på soloutgjevingar av både Roger Waters, David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright. Han har òg produsert Toto sitt «Grammyvinnande» debutalbum, Queensrÿche-albumet The Warning (1984), Judas Priest-albuma Stained Class (1978) og Hell Bent for Leather (1979) medan han i 1983 var lydteknikar på filmen The Dead Zone.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Film[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey