Isabella av Castilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isabella den katolske (la Católica)
Columbus ved hoffet til Isabella

Isabella I (på spansk språk Isabel I), (22. april 145126. november 1504) var regjerande dronning av eit sameint Spania frå 1479-1504. Ho vart fødd i Madrigal, og døydde i Medina al Campo.

Ho var dotter av Johan II av Castilla (1405-1454) og Isabella av Portugal. Isabella I gifta seg med syskenbarnet Ferdinand II av Aragonia den 19. oktober 1469, noko som la grunnen for ei spansk riksdanning. Ho etterfylgde broren Henrik IV av CastillaCastilla si trone i 1474 men var tvungen til å forsvara sin arveretten mot si brordotter, Juana la Beltraneja.

I 1479 kom Ferdinand på trona i Aragonia. Same år tok Isabella og Ferdinand tittelen "konge og dronning av Spania". Paven tildelte dei tilnamnet "dei katolske".

Den spanske inkvisisjonen vart etablert i 1478. Jødar vart utvist frå landet. I sin kamp mot kjetteri erobra dei spanske styrkane i 1492 det siste muslimske fotfestet på den iberiske halvøya, kongeriket Granada.

Saman gav dei Christoffer Columbus i oppdrag å finna ein sjøveg i vest til India. I staden oppdaga han Amerika.

Barn[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Isabella av Castilla