Karl II av Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl II
Juan de Miranda Carreno 002.jpg
Konge av Spania
Regjeringstid 17. september 1665 – 1. november 1700
Fødd 6. november 1661
Fødestad Royal Alcazar i Madrid i Spania
Død 1. november 1700 (38 år)
Dødsstad Royal Alcazar, Madrid, Spania
Gravlagd El Escorial, Spania
Føregjengar Filip IV
Etterfølgjar Filip V
Koner Marie Louise d'Orléans (1679–1689)
Maria Anna av Pfalz-Neuburg (1689–1700)
Far Filip IV av Spania
Mor Mariana av Austerrike

Karl II (6. november 16611. november 1700) var konge av Spania, Napoli, og Sicilia, og regjerte i perioden 16651700. Han var son av forgjengaren sin, Kong Filip IV av Spania og den andre dronninga hans, Mariana av Austerrike, begge av habsburgerslekta.

Han var den siste i den spanske greina av hust Habsburg, fysisk handikappa, mentalt tilbakeståande og vansira (delvis grunna mandibulær prognati, dvs framskotne kjevar og fortenner). Det er òg mogleg at han lei av beinsjukdommen akromegali. Karl var svak i sinn og kropp, og kunne knapt gå eller snakke. Den ynkelege tilstanden hans kom truleg av den hundreårlange innavla innanfor Huset Habsburg. Alt keisar Maximilian I (1459–1519) hadde teikn på den såkalla «habsburgerkjeven», eit underbitt som auka i omfang i slektsledd etter slektsledd. Han nedstamma fjorten gonger frå Johanna den vanvittige. Mora hans var niesa til faren.

Mora hans var regent gjennom størsteparten av regjeringstida hans. Sjølv om ho vart tvinga i eksil av halvbroren til kongen, Johan av Austerrike (den yngre), vende ho tilbake for å regjere etter Johan døydde.

Nedgangstida til Spania hadde vart gjennom mesteparten av hundreåret, og heldt fram gjennom heile regjeringstida til Karl. Gjennom ei fredsavtale med Portugal i 1668 vart likevel enklaven Ceuta i Nord-Afrika, avstått til Spania (som han framleis høyrer til).

I 1679 gifta Karl II seg med Marie Louise (16621689), dotter av Filip I av Orléans, den einaste broren til Ludvig XIV av Frankrike. Truleg var kongen impotent, og han fekk dermed ingen born. Marie Louise vart svært deprimert, sjukeleg overvektig og døydde i 1689, noko som gjorde Karl svært forstyrra. Han gifta seg for andre gongen med Maria Anna av Neuberg, svigerinna til Leopold I av Det tysk-romerske riket. Men dette ekteskapet gjekk ikkje betre enn det første. Mot slutten av livet sitt vart Karl stadig meir overkjensleg og merkeleg, og på eit tidspunkt befalte han at leivningane etter familien hans skulle gravast opp slik at han kunne sjå på lika. Han skal ha gråte då han så liket av kona si, Marie Louise.

Han var meir eller mindre hjelpelaus i sine to siste leveår. Han var heilt lam, skalla, døv, nestan tannlaus, og nestan heilt blind. Han var òg offer for epileptiske anfall.

I 1700 døydde han, knapt 39 år gammal. Gjennom heile regjeringstida til Karl venta fyrstar i Europa på at han skulle døy, for dermed ville ætta hans vere utdøydd, og dei andre fyrstehusa kunne gjere meir eller mindre berettiga krav på trona. Likevel viste det seg at Karl II sjølv hadde avgjort seg for å utpeike etterfølgjaren sin. I testamentet sitt overlét han trona til Philippe de Bourbon, hertugen av Anjou, sonesonen til Ludvig XIV av Frankrike, på det vilkåret at han ikkje arva trona til Frankrike. Dei øvrige stormaktene kunne ikkje tillate at Spania fall i hendene på Ludvig, og den spanske arvefølgjekrigen braut straks etter ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karl II av Spania