Shetland Mainland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mainland
Frå Lerwick. Foto: Erik Christensen
Frå Lerwick.

Foto: Erik Christensen
Geografi
Shetland Mainland is located in
Stad Atlanterhavet / Nordsjøen
Koordinatar 60°19′N 1°16′WKoordinatar: 60°19′N 1°16′W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 969 km²
Høgaste punkt Ronas Hill (450 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane
Største busetnad Lerwick (7070 innb.)
Demografi
Folketal 17 550 (2001 [1][2])
Folketettleik 18,1 /km²

Mainland er hovudøya på Shetland i Skottland. På øya ligg Lerwick, einaste burgh eller by på Shetland. Lerwick er knutepunkt for ferje- og flytrafikken på øygruppa.

Øya er 969 km² og er med det den tredje største øya i Skottland, etter Lewis og Harris og Skye.

Klippene ved Eshaness, nord på Mainland
Kart over Shetland

Mainland kan grovt delast i fire:

  • South Mainland er den delen av øya som ligg sørom Hellister (60° 14′N). Øya er her dels dekt av lyngheier og dels er jordbruksland. I dette området er det gjord fleire viktige arkeologiske funn. Lerwick ligg i South Mainland.
  • Central Mainland er den delen av øya som ligg mellom Hellister, Aith og Voe. Her er det jordbruksland og noko skog.
  • West Mainland er den delen av øya som ligg vestom Aith (1° 23′ W).
  • North Mainland er den delen av øya som ligg nordom Voe. Med til North Mainland høyrer den store halvøya Northmavine, som er knytt til resten av Mainland med det smale eidet Mavis Grind. Denne delen av øya har eit vilt landskap med klipper langs kysten og lyngheier i innlandet. På North Mainland ligg Sullom Voe som med oljeterminalen er er ein viktig arbeidsplass for folk på øya.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.
  2. Ordnance Survey

Denne artikkelen byggjer på «Shetland Mainland» henta frå Wikipeida på engelsk 14. mai 2007.