Istria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om halvøya. For asteroiden, sjå 183 Istria. For kommunen i Romania, sjå Istria i Constanţa.
Kart over Istria

Istria (kroatisk og slovensk Istra) er den største halvøya i Adriatarhavet. Halvøya ligg inst i Adriatarhavet mellom Triestebukta og Kvarnerbukta.

Det meste av området ligg i Istria fylke vest i Kroatia, medan eit lite område høyrer til Slovenia og Italia. Viktige byar på Istria er Pula (Pola), Poreč (Parenzo), Rovinj (Rovigno), Pazin (Pisino), Labin (Albona), Motovun (Montona), Buzet (Pinguente) og Buje (Buie), i tillegg til mindre landsbyar som Višnjan (Visignano), Roč (Rozzo), and Hum (Colmo). Ein liten del i nord, inkludert kystlandsbyane Izola (Isola), Piran (Pirano), Portorož (Portorose) og Koper (Capodistria) ligg i Slovenia, og eit lite område av landsbyen Muggia (slovensk Milje) høyrer til Italia.

Fjellkjeda Učka (Monte Maggiore) ligg i austlege delar av Istria. Av elvar finn ein Dragonja, Mirna, Pazinčica og Raša, i tillegg til Limbukta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet på halvøya kjem av den illyriske stamma Histri, som Strabo skreiv budde i området. Romarane skildra Histri som aggressive illyriske piratar, som skjulte seg langs den steinete kysten. Det tok to militære felttog frå Roma for å undertrykke dei i 177 fvt.

Enkelte forskarar har spekulert i om namnet Histri og Istria er knytt til det latinsk namnet Hister for Donau. Gamle forteljingar frå antikken sa at Donau delte seg i to, og at den eine delen munna ut nær Trieste, i tillegg til i Svartehavet. Dette er derimot noko tvilsamt, men er ein del av segna om Argonaut.

Etter Romarrikets fall, vart området plyndra av gotarane og lombardane, og annektert til frankarriket av Pippin III i 789, før det kom inn under hertugane i Hertugdømet Kärnten, Meran og Bayern, og patriarken av Aquileia, før det vart ein del av Republikken Venezia i 1267. Venetianarane påverka område i stor grad, noko ein framleis kan sjå i dag. Halvøya gjekk over til habsburgarane i 1797 etter Campo Formio-traktaten, og var det fram til 1918, bortsett frå ein kort periode frå 1805 til 1813Napoleon erobra området.

Området har tradisjonelt vore etnisk blanda. Under Austerrike-Ungarn1800-talet budde det store folkegrupper av italienarar, kroatar, slovenarar og nokre vlachar/istro-rumenarar og serbarar her. I 1910 var dei etniske og språkleg samansettingane fullstendig blanda. I følgje ei austerriksk folketeljing var det ut av 404 309 innbyggjarar på Istra 41,6 % som tala kroatisk, 36,5 % som tala italiensk, 13,7 % som tala slovensk, 3,3 % som tala tysk, 0,2 % som tala rumensk og 0,5 som tala andre språk, medan 4,2 % ikkje var fastbuande, og derfor ikkje vart spurt om språk. Under dei siste tiåra av Habsburgdynastiet auka turismen på kysten av Istria.

På andre halvdel av 1800-talet førte nye ideologiske rørsler, italiensk irredentisme (som prøvde å sameine tidlegare venetianske område) og slovensk og kroatisk nasjonalisme, til veksande etniske konfliktar mellom italienarar på den eine sida og slovenarar og kroatar på den andre. Dette fletta seg saman med klasskiljekonfliktar, sidan innbyggjarane i dei istriske byane stort sett var italienarar, medan folket som budde på landsbygda stort sett var kroatar og slovenarar.

Etter den første verdskrigen vart Istria ein del av Italia. Den facistiske italienske regjeringa påtvinga slavarane italianisering og kulturell undertrykking, og mange slovenarar og kroatar enda opp i fengsel og konsentrasjonsleirar. Då nazistane okkuperte halvøya under den andre verdskrigen vart dei etniske forholda enno verre.

Etter den andre verdskrigen vart Istria ein del av Jugoslavia, bortsett frå eit lite område i det nordvestlege hjørnet, som danna Sone B i det tidlegare formelt sjølvstendige Territorio libero di Trieste («Det frie området Trieste»). Sone B var derimot under jugoslavisk styring, og då Det frie området vart oppløyst i 1954 var det òg innlemma i Jugoslavia. Berre ein liten del av landsbyen Muggia, nær Trieste, som var ein del av Sone A, vart verande italiensk. Under og like etter den andre verdskrigen vart mange italienarar drepne i Foibe-massakrane, både i Istria og i Kras-området rundt Trieste. I frykt for det jugoslaviske kommunistregimet, og etter faktisk og hardt press frå jugoslaviske styresmakter, reiste dei fleste italienarane frå Istria. I 1956 var om lag halvparten av innbyggjarane på halvøya forsvunne i lag med den sosiale og kulturelle identiteten. Mest alvorleg var denne utflyttinga for byen Pula, byen som ligg heilt sør på halvøya, der 28 000 av 32 000 innbyggjarar flytta mellom desember 1946 og september 1947. Dei fleste reiste etter at Parisfreden vart signert 10. februar 1947, då Pula vart ein del av Jugoslavia. I kjenslemessig desperasjon tok enkelte ikkje berre med seg alle eigedelane sine, men òg sine døde og gravlagde slektningar. Folkeutvandringar frå Pula fekk massiv internasjonal pressedekning. Kjende personar som forlet Istria er mellom anna racerbilsjåføren Mario Andretti, skodespelaren Alida Valli, songaren Sergio Endrigo og boksaren Nino Benvenuti. Etter folkeutvandringa flytta fleire kroatar og slovenarar til området, i tillegg til eit mindre tal serbarar, montenegrinarar og albanarar.

I den nye republikken Jugoslavia vart Istria delt mellom republikkane Kroatia og Slovenia etter etniske delelinjer. Etter at Jugoslavia vart oppløyst i 1991, vart dei gamle grensene oppretthaldne mellom dei to sjølvstendige statane Kroatia og Slovenia.

Det eksisterer ein lang tradisjon for toleranse mellom menneska som bur her i dag, uansett nasjonalitet, sjølv om mange på Istria i dag er etniske kroatar, ein sterk regional identitet som har eksistert i mange år.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Istria