Sjlisselburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjlisselburg
Шлиссельбург
Byvåpenet til Sjlisselburg
Byvåpenet til Sjlisselburg


Plassering
Sjlisselburg is located in Russland
Sjlisselburg is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Grunnlagd
Bystatus
1323
1780
Geografi
Flatevidd
 - By

16 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

12 600
  787,5 /km²
Koordinatar 59°57′″N 31°02′″EKoordinatar: 59°57′″N 31°02′″E
Høgd over havet 15 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 187320
Retningsnummer (tlf) +7 81362
Bilnummer 47
Nettstad: www.shlisselburg.ru

Sjlisselburg (russisk Шлиссельбу́рг, tysk Schlüsselburg, svensk Nöteborg, finsk Pähkinälinna) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg på staden der elva Neva renn ut frå Ladoga, 35 km aust for St. Petersburg. Frå 1944–1992 var byen kjend som Petrokrepost. Festninga og bysenteret er innskrive på verdsarvlista til UNESCO.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Oresjek festning
Inne i festninga
Innsida av festningsfengselet
Oresjek festning

Den første festninga på staden skal ha vorte bygd av svenskane under Torgils Knutsson i 1299, men ho vart alt i 1301 tapt til Novgorod. Den russiske festninga vart opphavleg bygd i 1323 som ei trefestninga Oresjek (òg Orekhov) av storprins (Князь–knjaz) Jurij av Moskva (i eigenskap av Prins av Novgorod) på vegner av Republikken Novgorod, for å vakte dei nordlege tilkomstsvegane til Novgorod og tilgangen til Austersjøen. Festninga ligg på øya Orekhovets. Namnet her kjem av det russiske ordet for nøtt, truleg fordi det voks mange hasseltre på øya. Dette kjem til synet i namnet på festninga både i det russiske Oresjek («Nøtt»), det svenske Nöteborg og det finske Pähkinäsaari («Nøtteøya»).

Den 12. august 1323 vart den såkalla Nöteborgstraktaten underteikna på Oresjek, ein traktat som fastsette den første kjende grensa mellom Sverige og byrepublikken Novgorod, som etter kvart vart ein del av Russland. Etter traktaten vart Oresjek framleis liggande under Novgorod. Eit steinmonument frå nyare tid, nord for Johanneskyrkja i festninga, er reist til minne om traktaten.

Under Novgorod[endre | endre wikiteksten]

Oresjek under Novgorod vart sete for Narimont, ein novgorodisk lydfyrste av litauisk ætt, som i 1333 hadde fått eit område omtrent samsvarande dagens Leningrad oblast som arveleg forlening. Narimont og son hans Aleksander undertrykte innbyggjarane så desse alt i 1337 gjorde opprør med støtte frå Viborg. Året etter erobra den svenske kongen Magnus Eriksson fortet sjøvegen under sitt russiske krosstog, men tapte det igjen før eit år var gått. Fortet var derimot stort sett øydelagt før det vart gjenerobra av Novgorod.

Festninga vart gjenoppbygd i stein i 1352 av erkebiskop Vasilij Kalika av Novgorod (1330-1352), som ifølgje den første krønika til Novgorod vart sendt av novgorodarane etter at fleire russiske og litauiske fyrstar ignorerte byen sine bøner om hjelp til å bygge opp att og forsvare fortet.[1] Restane av murane frå 1352 vart utgrave i 1969 like nord for Johanneskyrkja midt i den noverande festninga.

På slutten av 1400-talet hadde festninga ti tårn, eit citadell og ei innebygd kanalhamn. Narimont og arvingane hans herska over området fram til 1478, då landet vart samla med storfyrstedømet Moskva etter republikken Novgorod fall.

Svensk stormaktstid[endre | endre wikiteksten]

I 1555 omleira Gustav Vasa fortet i to veker med ein flåte leidd av Jakob Bagge saman med landstyrkar. Forsøket på å erobre festninga mislukkast, som med kong Johan III sine erobringsforsøk i 1581 og 1582.

I mai 1612, under den ingermanlandske krigen, vart festninga inntatt av den svenske hæren under Klas Slang etter ei ni månader lang omleiring. Ved freden i Stolbova fekk Sverige halde festninga, som no fekk det svenske namnet Nöteborg (og på finsk Pähkinälinna) og vart òg administrasjonsstad for eit eige svensk län i området rundt, kalla Nöteborgs län.

Svenskane forsterka den erobra festninga. Russarane omleira Nöteborg frå juni til 17. november 1656, men lukkast ikkje med å erobre han. Under reparasjonane som måtte gjerast etter striden, vart det òg gjort tilbygging, mellom anna den «svarte rundellen» på sjøsida.

Arbeidet med festningsverk på fastlandet måtte avbrytast under den store nordiske krigen, då russiske styrkar gjekk til åtak på festninga under befal av Boris Sjeremetiev (med den komande tsaren Peter den store som artillerikaptein). Det svenske befalet, overløytnant G. V. Schlippenbach, forsvarte festninga med om lag 250 mann under ein ti dagar lang eldperiode frå russarane, som tapte 6000 mann. Den 13. oktober 1702, da talet på forsvarar var nede i 40 mann og festninga var altfor øydelagd, vart svenskane tvinga til å kapitulere.

Under Russland[endre | endre wikiteksten]

I 1702, like etter erobringa av festninga frå svenskane, grunnla Peter den store byen på fastlandet vis-a-vis festningsøya. Festninga fekk no sitt noverande namn, Sjlisselburg, ein transkripsjon av det tyske Schlüsselburg. Namnet, som betyr «nøkkel-festning» på tysk, refererer til Peter den store si oppfatning av festninga som «nøkkelen til Ingermanland».

Då grensa til Russland vart flytta vestover, vart festninga mindre viktig som grenseforsvar. Under Det russiske keisarriket vart ho nytta som eit frykta politisk fengsel og av kjende fangar her var Wilhelm Küchelbecher, Mikhail Bakunin og Walerian Łukasiński som sat der i 38 år. Ivan VI av Russland vart drepen i festninga i 1764 og bror til Lenin, Aleksandr Uljanov, vart òg hengt der. Fengselet vart brent ned under oktoberrevolusjonen i 1917. I 1928 vart det Proletære Revolusjonsmuséet oppretta i den gamle festninga.

Sluser i Ladogakanalen.

Under den andre verdskrigen vart byen (ikkje festninga) erobra av Nazi-Tyskland. Gjenerobringa av Sjlisselburg i 1943 av sovjetiske styrker opna igjen tilgangen til den omleira byen Leningrad. Mellom 1944 og 1992 vart bynamnet russifisert til Petrokrepost (tyder «Festninga til Peter»). Sjlisselburg fekk tilbake det gamle namn etter Sovjetunionen fall.

Nåtid[endre | endre wikiteksten]

Dei delane av den gamle byen og festninga som framleis eksisterer, inngår i verdsarvlista til UNESCO. Festninga vart sterkt skadd under krigen, men delar, mellom anna ein del av muren og tre tårn, er restaurert etter 1966. Av ti tårn i festninga er det berre seks att (fem russiske og eitt svensk). Restane av ei kyrkje inne i festninga vart omgjort til eit minne over forsvararane av festninga. Det er òg ei mindre samling artilleri frå den andre verdskrigen. Ifølgje ein turistbrosjyre må ein ha vernehjelm for å vitje festninga på grunn av faren for fallande teglstein.

Festninga har vore åstad for ein årlag rockekonsert sidan 2003.

I byen Sjlisselburg er det ikkje mange historiske bygningar tilbake, med unntak av ei handfull kyrkjer frå 1700-talet. Det kanskje mest merkverdige landemerket er Ladogakanalen, som vart starta etter ordre frå Peter I i 1719 og fullført under oppsyn av feltmarskalk Munnich tolv år seinare. Kanalen er over 100 km lang. Granittslusene i kanalen er frå 1836. Det finst òg eit skipsverft i byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arsenii Nikolaevich Nasonov, ed., Novgorodskaia Pervaia Letopis: Starshego i Mladshego Izvodov (Moskva og Leningrad, 1950), s. 100; Michael C. Paul, "Secular Power and the Archbishops of Novgorod Before the Muscovite Conquest," Kritika: Explorations in Russian og Eurasian History 8, No. 2, s. 237, 249.