Jacopo Amigoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Juno tok mot hovudet til Argos, 1730-32
Sigismund Streit, 1739

Jacopo Amigoni (168221. august 1752) var ein italiensk kunstmålar frå Napoli eller frå Venezia. Han var aktiv under sein-barokken og i rokokko-perioden. Amigoni begynte som målar i Venezia, men reiste mykje og var profilert i heile Europa, særleg var dei overdådige portretta hans mykje etterspurde. Han måla både freskar og oljemåleri, snart med religiøst og snart med mytologisk innhald. Amigoni arbeidde svært snøgt, hans virtuost måla bilete høvde godt til den rådande smaken under rokokkotida.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Amigoni fekk si første kunstnariske undervisning i Venezia. Opphavleg måla han både mytologiske og religiøse scenar. Då han etterkvart fekk mange bestillingar frå privatpersonar i område lengre nord, begynte han å lage verk som skildrar gudar i sanseleg lete eller som leikar. Han hadde mange kunstnarar i lære, mellom dei Charles Joseph Flipart, Joseph Wagner og Antonio Zucchi.

År 1717 og -19 er det dokumentert Amigoni arbeidde på slottet Nymphenburg i München. Sidan var han sysselsett med freskomåleri til det nybygde Schleissheim-slottet (1725-29), og i benediktinarklosteret i Ottobeuren. Han returnerte til Venezia i 1726.

År 1729 fór Amigoni til London. Der gjorde han lukke med portretta sine. Fram til 1739 arbeidde han i England, mellom anna med utsmykking av herregardar og av teateret i Covent Garden. Under eit kortare opphald i Paris i 1736 vart han kjend med kastratsongaren Farinelli, og utførte ein del arbeid for han. I Paris overbeviste han elles målaren Canaletto om å reise til England. Han møtte elles målarane François Lemoyne og François Boucher.

Amigoni vende tilbake til Italia i 1739, kanskje til Napoli og sikkert til Monte Cassino. I klosteret på på Monte Cassino fanst to lerret, som begge vart øydelagt under andre verdskrigen. Før 1747 reiste han til Venezia. Han hadde då oppdrag frå den rike kjøpmannen Sigismund Streit om å dekorere Casa Savoia og andre bygningar i byen.

I 1747 forlet Amigoni Italia og etablerte seg i Madrid. Der var han hoffmålar til Ferdinand VI av Spania. I Madrid arbeidde han sine fem siste leveår.

Han døydde i Madrid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jacopo Amigoni