Jan Baudouin de Courtenay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Baudouin de Courtenay

Jan Baudouin de Courtenay (13. mars 18453. november 1929), eigentleg Jan Ignacy Niecisław Baudouin de Courtenay, var ein polsk lingvist og slavist. Mesteparten av livet sitt arbeidde han i Russland, ved det statlege universitetet i Kazan i Tatarstan (1874-1883), ved universitetet i Tartu (1883-1893) og ved Jagiallonen-universitetet i Krakow og ved det statlege universitetet i St. Petersburg (1900-1918). I 1919-1929 var Baudoin de Courtenay professor ved Universitetet i Warzawa.

russisk er Baudouin de Courtenay kjend som Ив́ан Алекс́андрович Боду́эн де Куртен́э (transkribert Ivan Aleksandrovitssj Boduen de Kurtene.


Akademisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Baudouin de Courtenay er grunnleggjaren av den kasanske lingvistiske skolen. Arbeida hans var sentral for utviklinga av strukturalismem i språkvitskapen, han diskuterte distinksjonar som den mellom synkroni og diakroni, mellom Langue og Parole. Framfor alt var det Baudouin de Courtenay som gav opphav til omgrepet (og termen) morfem. I lag med Mikołaj Kruszewski han også omgrep et og termen fonem.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Joachim Mugdan: Jan Baudouin de Courtenay (1845-1929) Leben und Werk. Wilhelm Fink, München 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mugdan 1984
  • Tysk wikipedia