Jan van Eyck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mann med raud turban, 1433. Truleg eit sjølvportrett.
Arnolfinis bryllaup, 1434

Jan van Eyck, fødd ca 1390 i småbyen Maaseik, død 1441 i Brugge, var en flamsk målar. Jan van Eyck var, saman med broren Hubert van Eyck (1375-1426) og Hugo van der Goes, dei fremste målarane i Flandern i første halvdelen av det 15. hundreåret.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Jan van Eyck var fødd rundt 1390 i ein liten by nær Maastricht. 1422-24 var han i teneste hos Johan av Bayern, greve over regionen Holland. Deretter søkte han teneste ved hoffet til Filip den gode av Burgund i Lille. I løpet av kort tid vart han sendebod for hertugen, med oppdrag i Spania i 1426 og Portugal i 1428. Frå 1430 var han busett i Brugge.

Dei første verka som vert tilskrive Jan van Eyck er dei miniatyrane som i 1902 vart identifisert som «Heures de Turin» og «Heures de Milan». Brørne Eycks klåre og realistiske stil var sett pris på og tildels imitert, men viste seg for vanskeleg å følgje for dei fleste kunstmålarane.

Jan van Eyck laga fleire store bilete for mektige oppdragsgjevarar som gav verka til kyrkjer. Mellom desse er Kanslar Rollins madonna og Kanikken van der Paeles madonna. Liknande motiv er Madonna med barn i ei kyrkje, Kunngjeringa og triptykonet Madonna med barn. Mellom portretta finst Timoteus, Målaren si kone, Margareta, Mann i raud turban samt Kardinal Niccolò Albergati.

Jan van Eycks mest kjende måleri er det symbolmetta Arnolfinis bryllaup. Biletet er eit dobbeltportrett av stor psykologisk innsikt og med eit omfattande interiør. Verket er eit av dei første sjangermåleria. Stordomen i Jan van Eycks genialitet viser seg i måten hans å framstille eit slikt motiv med den aller største reinleik og realisme. Trass i det kvardagslege miljøet skaper han ein mystikk som er så metta at den har stått mot alle tolkningsforsøk.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Kardinal Niccolò Albergati (1432)
  • Gentaltaret (1432)
  • Mann i raud turban (1433)
  • Arnolfinis bryllaup (1434)
  • Kanslar Rollins madonna (1434-1436)
  • Kanikken van der Paeles madonna (1436)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jan van Eyck