Joe Lovano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joe Lovano på Newport Jazz Festival i 2005

Joseph Salvatore «Joe» Lovano (fødd 29. desember 1952) er ein jazzsaksofonist frå Cleveland, Ohio, USA.

I 1993, 2007 og 2010 (med McCoy Tyner) var Lovano på Kongsberg Jazzfestival.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Lovano sin far var tenorsaksofonisten Tony «Big T» Lovano, og han lærde opp sonen. Etter highschool gjekk han på Berklee College of Music i Boston og hadde der Herb Pomeroy, Joe Viola, Andy McGee, John LaPorta Gary Burton som lærarar. Han samarbeidde med musikarar som John Scofield, Bill Frisell og Kenny Werner på denne tida. Han fekk ein Distinguished Alumni Award da han avslutta studiet i 1994 og i 1998 fekk han ein æresdoktortittel og i 2001 The Gary Burton Chair for Jazz Performance.

Etter Berklee spelte han inn sitt første album, Afrodesia, med Dr. Lonnie Smith, som introduserte han for New York City. Etter eit samrbeid med Jack McDuff var han med på jubileumsturneen til Woody Herman; høgdepunktet på den var The 40th Anniversary Concert i Carnegie Hall 1976, der Stan Getz, Frank Tiberi, Zoot Sims, Al Cohn, Jimmy Giuffre og Flip Phillips medverka.

Samarbeidet med Woody Herman varte i tre år, blant anna var dei på ein europaturné. Etterpå slo Lovano seg ned i New York der han byrja på eit samarbeid med songaren og dansaren Judi Silvano som han seinare gifta seg med. Saman med Mel Lewis Orchestra spelte han inn seks album fram til 1992. Etter det samarbeidde han blant andre med Elvin Jones, Carla Bley, Lee Konitz, Charlie Haden og Bob Brookmeyer. Frå 1981 har han og stått på scena med Paul Motian og Bill Frisell. Frå 1989 til 1993 var han medlem av John Scofields Quartett og spelte ellers med Gunther Schuller, Herbie Hancock, Elvin Jones, Charlie Haden, Carla Bley, Bobby Hutcherson, Dave Brubeck, Billy Higgins, Dave Holland, Ed Blackwell, Michel Petrucciani, Lee Konitz, Abbey Lincoln, Tom Harrell, McCoy Tyner, Jim Hall og Bob Brookmeyer.

I 1985 kom det første albumet der Lovano var bandleiar, Tones, Shapes and Colors og i 1991 det første albumet på Blue Note From The Soul. Så følgde Universal Language, Down Beat og i 1994 Tenor Legacy med Joshua Redman som blei nominert for Grammy. I Rush Hour (1995) spelte han ved sida av eigne komposisjonar stykke av Charles Mingus, Ornette Coleman, Thelonious Monk, Duke Ellington og Gunther Schuller, til dels med stor besetning.

Quartets at the Village Vanguard blei i 1996 Jazz Album of the Year i jazzmagasinet Down Beat og fekk i 1997 to Grammy-nominsringar. Òg Joe Lovano Celebrating Sinatra (1997) blei nominert for ein Grammy i året 1998. Med Gonzalo Rubalcaba spelte han inn Flying Colors i 1998. Så følgde Trio Fascination (1998 med Elvin Jones og Dave Holland, Friendly Fire (1999) med Greg Osby, 52nd Street Themes (2000), Flights of Fancy (2001), Viva Caruso (2002), On This Day...At The Vanguard (2003), I'm All For You (2004) og Joyous Encounter (2005).

Lovano er leiar av kvintetten Us Five med medlemmane Esperanza Spalding, James Weidman, Francisco Mella og Otis Brown. I 2009 spelte dei inn albumet Folk Art.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som bandleiar[endre | endre wikiteksten]

  • Tones, Shapes and Colors (1985)
  • Hometown Sessions (1986)
  • Solid Steps (1986)
  • Village Rhythms (1988)
  • Worlds (1989)
  • Landmarks (1990)
  • Sounds of Joy (1991)
  • From the Soul (1991)
  • Universal Language (1992)
  • Tenor Legacy (1993)
  • Quartets: Live at the Village Vanguard (1994) med Tom Harrell og Mulgrew Miller
  • Rush Hour (1994)
  • Ten Tales (1994)
  • Celebrating Sinatra (1996)
  • Tenor Time (1997)
  • Flying Colors (1997) med Gonzalo Rubalcaba
  • Trio Fascination: Edition One (1998)
  • Friendly Fire (1999) med Greg Osby
  • 52nd Street Themes (2000)
  • Flights of Fancy: Trio Fascination, Volume 2 (2001)
  • Viva Caruso (2002)
  • On This Day ... at the Vanguard (2003)
  • I'm All for You (2004)
  • Joyous Encounter (2005)
  • Streams of Expression (2006)

Med Paul Motian og Bill Frisell[endre | endre wikiteksten]

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]