Johann Nepomuk Hummel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johann Nepomuk Hummel
Johann Nepomuk Hummel.jpeg
Fødd 14. november 1778, Bratislava i Slovakia
Død 17. oktober 1837 (58 år), Weimar
Instrument Piano
Periode wienerlassisismen, romantikken
Sjanger Kammermusikk, concerto, klavermusikk
Aktive år 1790-1837
Yrke Komponist

Johann Nepomuk Hummel (14. november 177817. oktober 1837) var ein austerriksk komponist og virtuos pianist. Musikken hans reflekterer ein overgang frå klassisismen til den romantiske perioden.

Hummel vart fødd i Pressburg i Ungarn (no Bratislava i Slovakia), og døydde i Weimar i hertugdømmet Sachsen-Weimar-Eisenach (no i Tyskland). Faren hans, Josef Hummel, var direktør ved den «keisarlege skulen for militær musikk», og dirigent for teaterorkesteret.

Wolfgang Amadeus Mozart vart imponert over evnene til den sju år gamle Johann, og tilbaud han musikkundervisning. Hummel var elev av Mozart i to år, og gjorde sin første konsertopptreden i ein alder av ni. Han turnerte i Europa før han vart instruert av Muzio Clementi i London, der han vart i fire år før han returnerte til Wien. Han fekk då undervising av Johann Georg Albrechtsberger, Joseph Haydn og Antonio Salieri.

I 1804 vart han kapellmeister for prins Esterházy, føre Haydn. Denne posten heldt han i sju år før han vart dimittert frå tenesta. Før dette hadde han turnert i Russland og Europa, og gifta seg med operasongerinna Elisabeth Röckel. Han vart seinare kapellmeister i Stuttgart og Weimar.

Under tida i Tyskland publiserte Hummel verket Eit komplett teoretisk og praktisk instruksjonskurs om kunsten å spele pianoforte. Denne populære metoden innleia ein ny stil.

Moderne pianomusikk har vorte påverka av Hummel gjennom instruksjonen hans av Carl Czerny som seinare underviste Franz Liszt. Hummels innverknad kan òg sporast i dei tidlegare verka av Frédéric Chopin og Robert Schumann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]