K.J. Yesudas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Dr. Kattassery Joseph Yesudas (f. 10. januar 1940), mest kjend som Yesudas, er ein vidkjend sør-indisk songar.

Kattassery Joseph Yesudas vart fødd i Fort Kochi i Kerala av foreldra Augustine og Elizabeth Joseph. Far hans, Augustine Joseph, var ein velkjend malayalisk klassisk musikar og skodespelar i si tid.

Yesudas er ein malayalisk songar og representant for den karnatiske musikken. Han vart påmeldt musikkakademiet i Thirupunithura og vann ein gullmedalje for musikk i ei lokal tevling i Fort Kochi berre sju år gammal.

I karriera si har han sunge meir enn 30 000 songar for tusenvis av indiske filmar på mange språk — som til dømes tamil, kannada, gujarati, telugu og bengali. Han vart òg invitert av den sovjetiske regjeringa til å halde konsertar i Sovjetsamveldet i 1965.

Indias president gav honom tittelen Padmashree i 1973.

Ei tid etter at han fekk tittlen hadde Yesudas problem med den kristne kyrkja i India. Dei fleste karnatiske songane er om hindugudar, og Yesudas song dei med så mykje kjensle at kyrkja ottast at han snart ville forlata kristendommen. Han vart nekta alle kristne sakrament for ei stund, og hans første son kunne ikkje bli døypt i kyrkja. Men han heldt fram med musikken og over tid vart kyrkja overtydd om at musikk for han berre var ein måte å dyrka Gud på. «Gud har ingen religion,» sa Yesudas, og det godtok kyrkja til slutt. Han fekk igjen alle religiøse rettar i kyrkja i 1980-åra, og den andre sonen hans, Vijay Yesudas, gav sin første konsert i ei kristen kyrkje.

Dr. Yesudas og kona hans, Prabha, har tre søner — Vinod, Vijay og Vishal. Familien bur for tida i Chennai (tidl. Madras) i delstaten Tamil Nadu i India.

[endre] Titlar og prisar

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Opprett ei bok