Kalevipoeg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon av Oskar Kallis til Kalevipoeg

Kalevipoeg (Kalevs son) er Estlands nasjonalepos, forfatta i tjue songar i tida 1857-61 av Friedrich R. Kreutzwald med det finske eposet Kalevala som førebilete. Eposet byggjer på estiske segner og eventyr.

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Ved universitetet i Tartu leidde Friedrich Robert Faehlmann (1798-1850) ei gruppe som arbeidde med å samle inn estisk folkedikting og segner. Ein drøymde, i nasjonalromantikkens ånd, om å finne eit nasjonalt heltedikt. I 1839 gjorde Fählmann framlegg om å lage eit slikt dikt rundt dei estiske Kalevipoeg-legendene. Då Fählmann døydde, fekk F.R. Kreutzwald i oppdrag å utarbeide eit estisk nasjonalepos med utgangspunkt i viser og segner samla i Estland, Livland og Pskov oblast. Førebiletet både for Kreutzwald og Fählmann var innsamlingsarbeidet Elias Lönnrot hadde gjort, og som hadde resultert i nasjonaleposet Kalevala.

Den første versjonen av eposet hadde 13 817 strofer og kom i 1853. Sensuren nekta trykking av diktet. Den endeleg versjonen av diktet hadde 20 songar og omfatta i alt 19 043 liner. Det vart då utgjeve som eit vitskapleg arbeid, og trykt i Verhandlungen der gelehrten estnischen gesellschaft, Dorpat 1857-61. Diktet var skrive på estisk, og det vart følgd av ei tysk omsetjing. Tre år seinare kunne ei folkeutgåve av Kalevipoeg trykkast i Kuopio i Finland, der sensuren var mildare. Det skulle likevel drøye eit titals år før eposet vart den folkelesnad som Kreutzwald og dei estiske lærde hadde håpa på.

Ein hevda at verket bygde på restar av gamle, oppløyste songar. Eposet er skrive i versemålet til dei gamle runesongane. I den endeleg utgåva, kan om lag ein åttedel av versa vere autentiske, resten er dikting som etterliknar gamle vers.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Segnkongen Kalev, som òg har gjeve namn til diktet Kalevala, er var etter eposet den første kongen i Estland. Han var gift med Linda. og med henne hadde han tre søner. Den yngste av dei, Kalevipoeg, er helten i soga. Han utfører mirakuløse bragdar med sin overmenneskjelege styrke. Han er på same tid konge, bonde og krigsmann som forsvarar landet sitt mot inntrengjarar. Romantisk kjærleik møter vi ikkje i Kalevipoeg, men heltane er omsynsfulle med stoisk respekt for kvarandre.

Ein gong sønene er fråverande, vert Linda røva av eit troll frå Finland og omskapt til ein klippe. Kalvevipoeg byrjar leitinga etter mora, og han legg ut på ei eventyrleg reise i nordisk landskap og mytologi. Til slutt fell han for sitt eige sverd, han får føtene kutta av og druknar.

Denne estiske soga har mange fellestrekk med det finske Kalevala, Kalevipoeg sjølv synest vere identisk med Kalevalas Kullervo. Menge einskildepisoder minner om skandinavisk eller germansk påverknad, andre kan vere henta frå kristne segner eller vidareføre bibelske motiv. Eposet vart bruka aktivt i den estiske nasjonsbygginga, og slik har det spela ei viktig rolle for estarane si samling til eitt folk.

Nasjonalsongen til Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken opnar med å titulere estarane som Kalevs-søner.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]