Katarina av Siena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Katarina av Siena
St Catherine. San Domenico.jpg
Namn Katarina av Siena
Fødd 25. mars 1347 i Siena i republikken Siena
Daud 29. april 1380 i Roma i Pavestaten
Helgenkåra 1461
Helgen i Den anglikanske kyrkja, Den katolske kyrkja
Festdag 29. april
Vernehelgen For Siena, Roma (1866), Italia (1939) og Europa (1999); for domininikanartertiarinner, vaskarar og døyande; mot brann, hovudsmerter og pest
Symbol Som karmelitt, med tornekrone, med stigmata, med hjartet eller ei lilje i handa, med skrivefjør og bok framfor eit krusifiks; med ei due nær ei ørn som held ein penn i nebbet

Katarina av Siena (5. mars 134729. april 1380) var ei italiensk nonne i dominikanarordenen. Ho blei vidkjend som mystikar og religiøs leiar, og blei seinare utropt til helgen og kyrkjelærar. Katarina av Siena er vernehelgen for mellom anna Italia og Europa.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Katarina var den nest yngste dottera i ein stor ungeflokk i Siena. Faren, Giacomo di Benincasa, var ullfargar, medan mora Lapa di Puccio di Piacenti var dotter av ein diktar. Mora fødde til saman 25 barn, men berre 13 av dei voks opp. Katarina var fødd som tvilling, men tvillingsøstera Giovanna døydde etter å ha blitt sett bort til ei amme. Ho fekk seinare ei yngre søster som også heitte Giovanna.

Katarina skal ha hatt sitt første syn av Kristus då ho var fem eller seks, og sverga å leva eit kyskt liv med Kristus som sin einaste brudgom då ho var sju. Då ho blei rekna som gifteferdig, rundt tolvårsalderen, motstod ho alle forsøka frå foreldra på å arrangera ekteskap. Etter fleire år med faste, bøn og askese, samtidig som ho blei plaga og forsøkt overtalt av foreldra, gjekk dei til slutt med på å la henne leva som ho ville.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Katarina gjekk inn i botssøstrene i dominikanarorden i 1365. Dette var ei ordning for lekfolk som levde for Gud men som framleis budde heime. Å bli tatt opp innebar både å overvinna motstand frå foreldra og frå sjølve ordenen, ettersom han først og fremst var for gifte kvinner.

I 1366 opplevde ho ein sterk visjon som ho skildra som eit «mystisk ekteskap» med Kristus. Gjennom fleire visjonar kom Katarina fram til at ho i tillegg til det indre andelege livet også måtte tena verda. Ho gav gåver til fattige, vitja dødsdømte og tok seg av sjuke og døyande. Ho byrja også å forkynna, noko som ikkje utan vidare blei godteke av ei ulærd kvinne, og brevveksla med ei rekkje kvinner og menn, mellom dei fyrstar i dei ulike italienske republikkane og fleire pavar.

Katarina fekk eit stort ry som meklar; ho bidrog til å enda slektsfeider og arbeidde hardt for å få fred mellom ulike italienske republikkar og pavestaten. Ho møtte pave Gregor XI i Avignon og overtalte han til å venda tilbake til Roma. Det vestlege skismaet gjekk sterkt inn på henne, og ho ønskte sterkt å samla kyrkja, utan å makta det. Ho støtta paven sitt forslag om eit nytt krosstog mot tyrkarane som ein betre kamp enn dei indre stridane.

I 1377 vende Katarina heim til Siena og grunnla eit kontemplativt nonnekloster. Her skal ho også ha blitt skrivekunnig ved eit mirakel, og byrja skriva boka Dialogen i eit forsøk på dela sine mystiske opplevingar og religiøse ideal.

Katarina av Siena blei kalla til Roma av pave Urban VI i 1378. Her døydde ho to år seinare, etter å ha fått slag berre 33 år gammal. Dei siste åra av livet hadde ho gått gjennom ein kraftig faste der ho berre levde av nattverdsbrød; ei tid drakk ho heller ikkje vatn.

Etter at ho døydde skal stigmatamerke som ho hadde fått ved ei mystisk oppleving fleire år tidlegare ha blitt synlege. Relikviane hennar blei send til fleire kyrkjer, hovudet til heimbyen Siena.

Skriftefaren til Katarina, Raimund av Capua, skreiv biografien hennar Legenda Major. Han blei ordensleiar for dominikanarane, og gav løyve til å feira minnedagen hennar 29. april. I 1461 blei ho heilagkåra av pave Pius II frå Siena. Katarina av Siena blei utnemnd til kyrkjelærar i 1970.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Katarina av Siena

Kjelder[endre | endre wikiteksten]