Maria Mittet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maria Mittet
Maria Haukaas Storeng 01.jpg
Fødenamn Maria Haukaas Storeng
Verkeleg namn Maria Haukaas Mittet
Fødd 3. august 1979, Finnsnes i Troms
Instrument Vokal
Yrke Songar og skodespelar

Maria Haukaas Mittet (fødd Maria Haukaas Storeng3. august 1979) er ein norsk songar og skodespelar. Ho vann Melodi Grand Prix 2008 og fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 2008, der ho enda på femteplass. I 2009 deltok ho i Melodifestivalen og i 2010 deltok ho i Melodi Gand Prix for andre gong. I den tredje delfinalen, og i finalen under Melodi Grand Prix 2011 framførde ho to låtar saman med diverse andre artistar som også har vore med i Melodi Grand Prix.

I 1991 fekk ho tittelrolla som Annie i musikalen med same namn på Bryggeteateret i Oslo. Ho fekk hovudrolla i Trollmannen frå OzDet Norske Teatret i 1995. I 2003 meldte ho seg på audition til talentkonkurransen Idol. Ho blei raskt definert som blant dei mest dyktige av deltakarane men blei stemt ut halvvegs i showet.

I september 2004 debuterte ho som soloartist med singelen «Breathing», utgitt av Bonnier. Singelen låg på VG Lista Topp 20 i ti veker med femteplass som beste notering. I januar 2005 kom singel nummer to; «Should've». I februar 2005 kom albumet Breathing. Dagbladet meinte plata inneheldt forutseibar A4-pop og gav terningkast to. VG var meir positive og gav plata fire.

Maria Mittet vann Norsk Melodi Grand Prix 2008 med songen «Hold On Be Strong», skriven av Mira Craig, og representerte Noreg i finalen i den internasjonale tevlinga Eurovision Song Contest 2008 i Beograd i Serbia. Storeng fekk 182 poeng og enda på femteplass.

8. januar 2011 urframførde ho den offisielle Ski-VM songen under Idrettsgallaen 2011 i Hamar OL-Amfi.

5. februar song under pausen i sistesjansen i Melodi Grand Prix 2011, saman med Åge Sten Nilsen. Nesten helt på slutten av fremføringa tok ha fyrst av seg kjola, så ein jakke og eit skjørt og så ein kjole til, så ho hadde til saman fire forskjellige plagg på seg då ho byrja.

Ho er gift med skodespelaren Hans Marius Hoff Mittet.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]