Wallis- og Futunaøyane
|
|||||
| Status | Fransk oversjøisk kollektivitet (Collectivités d'outre-mer) | ||||
| Administrateur supérieur | Richard Didier | ||||
| Hovudstad | Mata-Utu | ||||
| Offisielt språk | Fransk, futunisk, uveisk | ||||
| Areal - % vatn |
274 km² ubetydeleg |
||||
| Folketal - totalt |
ca. 16 309 (2007) |
||||
| Verdsdel | Oseania | ||||
| Internet-domene | .wf | ||||
| Tidssone | UTC +12 | ||||
| Internasjonal telefonkode | +681 | ||||
| Nasjonalsong | |||||
Wallis- og Futunaøyane, fransk Wallis-et-Futuna, futunisk og uveisk Uvea mo Futuna, er eit fransk oversjøisk område i Stillehavet. Det omfattar Wallisøyane (Uvea) i nord og Futunaøyane i sør. Arealet er 274 km² og folketalet 16 309. (2007)
Øyane vart først folkesette av polynesiske folkeslag. Dei vart først vitja av europearar på 1600-talet. Franske misjonærer kom dit i 1837 og konverterte folket til katolisismen. Dei vart gjort til fransk protektorat i 1887 og 1888. Dei vart ein fransk koloni, underlagt Ny-Caledonia i 1917. I 1961 vart dei eit fransk oversjøisk territorium, og tilknytninga til Ny-Caledonia vart broten. I 2003 fekk dei status som fransk oversjøisk "kollektivitet".
Det store fleirtalet av folket på øyane, 97,3 % i 2003, er av polynesisk opphav, med eit lite mindretal av fransk opphav. Over 16 000 menneske med opphav frå Wallis- og Futunaøyane bur på Ny-Caledonia. Dei fleste snakkar polynesiske språk, uveisk (fakauvea) på Wallisøyane og futunisk (fakafutuna) på Futunaøyane.