Kvalfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvalfuglar


Alvekvalfugl Pachyptila turturFoto: JJ Harrison
Alvekvalfugl Pachyptila turtur
Foto: JJ Harrison

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae

Kvalfuglar, Pachyptila, er ei biologisk slekt i familien eigentlege stormfuglar (Procellariidae) som førekjem i Sørishavet. [1]

Breinebbkvalfugl, Pachyptila vittata
Foto: Rosemary Tully

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Kvalfuglane er av dei minste artane i stormfuglfamilien med 25-28 centimeter i lengd, vengspenn på 41-46 centimeter og 125–200 gram i kroppsvekt.[2] Ulikskapane mellom artane ser ein mest i den strukturelle oppbygginga av nebbet. Tre av artane har breie, flate nebb med tagga lameller for å filtrere dyreplankton, unikt blant fuglar. Dei andre artane har meir spisse, rette nebb.[3][2] Det er stor likskap i fjørdrakta mellom alle artane under flyging og kvalfuglar er derfor vanskelege å identifisere på avstand. Dei er blågråe på oversida med svarte smådekkarar og lys underside. Føter og nebb er blålege. Oversida har ein godt synleg mørk 'M'-forma figur over venger og rygg. Dei har eit mørkt haleband på enden av halen, hos blåpetrell er bandet kvitt. Kjønna har lik fjørdrakt.

Fjørdrakta har liknande reflekterande eigenskapar som havoverflata, det gjer at dei synast å vekselvis forsvinne og dukke opp att når dei flyg lågt over bølgjetoppane.[2]

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Åtferd og diett[endre | endre wikiteksten]

Kvalfuglane er pelagiske og opptrer i flokkar til havs.[2] Dei lever av ulike former av planktonliknande krepsdyr som hoppekreps, muslingkreps (Ostracoda), tifotkreps, krill og jamvel enkelte fiskeartar i familiane Nototheniidae og Myctophidae, lanternefiskar. Alle artane tar føde enten når dei ligg på havoverflata eller ved å flyge lågt over vatnet.[2] Artane som har breie nebb med lamellar silar havvatnet etter føda likt ein bardekval. Dei andre artane plukkar føda ut av vatnet. Kvalfuglane er kolonirugarar på subantarktiske øyar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mange, som til dømes Store Norske Leksikon reknar også blåpetrell i slekta Halobuena som ein kvalfugl.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Kerry-Jayne Wilson (2007). 'Petrels', Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand, updaterad 21-Sep-2007, Prions, gadfly, storm and diving petrels, läst 2007-11-10
  3. Nationalencyklopedin valfuglar (Pachyptila) lest 2007-11-10