Kvartbekkasin
| Kvartbekkasin | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Scolopacidae | |
| Slekt: | Lymnocryptes | |
| Art: | L. minimus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Lymnocryptes minimus | ||
Kvartbekkasin er ein fugl i snipefamilien. Trass i likskapen med enkeltbekkasin og dobbeltbekkasin vert han rekna til ei anna slekt, der han er einaste art.
Innhaldsliste |
Utsjånad [endre]
Kvartbekkasinen er berre to tredelar av lengda til enkeltbekkasinen og har mykje kortare nebb. Han måler 18 til 20 centimeter, inkludert nebben, og har eit vengespenn på 33-36 cm. I likskap med dei to andre nordiske bekkasinane har fuglen ei fjørdrakt i beige, kvitt, brunt og svart.
Utbreiing og hekkebiotop [endre]
Kvartbekkasinen hekkar på blaute myrar og fuktige skogholt med kort vegetasjon i taigaområda i Eurasia, og på tundraen nord for taigaen. Med berre få unnatak ligg hekkeområdet i dei nordlege delane av Noreg, Sverige, Finland og Russland.
Åtferd [endre]
Av dei tre bekkasinane i Noreg er det denne som trykker hardast. Fuglen flyg opp først når ein nesten trakkar på han. Fuglen flyg ikkje langt før han set seg att.
Trekktilhøve [endre]
Arten er trekkfugl og fuglane flyg sørover til overvintringsstader i Europa og Asia inklusive India.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Kvartbekkasin» frå Wikipedia på bokmål, den 4. januar 2012.