Gyrodactylus salaris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gyrodactylus salaris


Gyrodactylus salaris.png

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Platyhelmintes
Klasse: Monogenea
Orden: Monopisthocotylea
Familie: Gyrodactylidae
Slekt: Gyrodactylus
Art: G. salaris
Vitskapleg namn
Gyrodactulus salaris

Gyrodactylus salaris er ein parasitt som først og fremst lever på atlantisk laks (Salmo salar) når fisken oppheld seg i ferskvatn, men han kan òg leva ei stund på ei rekkje andre laksefiskar. I daglegtale vert han òg kalla for Gyro, eller lakseparasitten. Parasitten har ført til at bestanden av atlanterhavslaks er vorten øydelagd i fleire norske vassdrag. Han høyrer ikkje naturleg heime i Noreg, og kom truleg til landet med innførsel av levande laks og regnbogeaure frå Sverige på midten av 1970-talet. Parasitten er vorten påvist i 46 vassdrag i Noreg.

Gyrodactylus salaris er ein liten ektoparasitt (omkring 0,5-1 mm lang). Han festar seg til fisken med eit speialisert festeorgan (haptor) med kvasse krokar, som sit i haleenden til parasitten. Når han et, syg parasitten seg fast til laksen med munnen. Deretter vrengjer han svelget sitt gjennom munnen og og frigjev ei fordøyingsvæske med proteolytiske enzym som løyser opp skinnet til laksen. Slim og oppløyst skinn vert så soge inn i tarmen til parasitten. Dette fører til sår og skadar i skinnet til fisken. Dette kan i sin tur føra til at laksen vert meir utsett for infeksjonar og at saltbalansen i kroppsvæska til fisken vert endra.

Historisk sett har behandling av elver for å fjerna lakseparasitten skjedd ved å bruka plantegifta rotenon. Dette er likevel ei ikkje-selektiv gift som drep både parasitten og verten, altså laksen. Det har også vist seg at ein del elver som er behandla etter denne metoden, vert infiserte med parasitten på nytt i løpet av nokre få år.

I seinare år (2003-2006) har ein også prøvd å få bukt med parasitten ved å tilsetja små mengder aluminiumssalt og svovelsyre til elvevatnet. Ein stor føremon med denne metoden er at det er mogeleg å drepa parasitten utan å drepa laksen. Metoden er framleis i ein startfase, men resultat frå BatnfjordselvaNordmøre og Lærdalselva i Sogn og Fjordane er svært lovande.

Det vert også arbeida med å utvikla norske laksestammar som er resistente mot Gyrodactylus, slike finst mellom anna i Austersjø-området.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]