Lundisfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lundisfugl

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete frå BotswanaFoto: David Meeker
Bilete frå Botswana
Foto: David Meeker

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Coraciiformes
Familie: Alcedinidae
Slekt: Halcyon
Art: H. senegalensis
Vitskapleg namn
Halcyon senegalensis

Lundisfugl (Halcyon senegalensis) er ein mellomstor medlem av isfuglfamilien, Alcedinidae. Han lever i Afrika og er kortdistanseflyttfugl der.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dei vaksne fuglane er lyseblå på ryggen, på dei store vengdekkarane og halefjørene. Hovudet, halsen og undersida er kvite, og skuldrene er svarte. Flyginga til lundisfuglen er rask og direkte. Det store nebbet har raudt overnebb og svart undernebb. Nokre fuglar kan ha gråaktig hovud, som kan føre til forvekslingar med mangroveisfugl. Lundisfuglen er 20-23 cm i lengd. Dei har ei mørk augestripe, handsvingfjører og armsvingfjører er svarte med kvite underdekkarar. Kjønna er like, men ungfuglar er mattere enn vaksne, og har brunt nebb.

Lundisfuglen er utbreidd i tropiske Afrika sør for Sahara og sørover til nordlege Sør-Afrika. Innanfor 8 ° av ekvator er han i hovudsak standfugl, men nordlege og sørlege bestandar gjer kortdistansetrekk, trekkjer inn mot ekvatorsona i den tørre årstida.

Dette er ein vanleg art i ei rekkje habitat med nokre tre, spesielt akasia, òg nær busetjingar av menneske. Sjølv om dette er ein medlem av isfuglfamilien, føretrekkjer lundisfuglar tørrare habitat i meir tradisjonelle skogshabitat og kan halde seg langt frå vatn. Dei er ofte einslege, men kan òg leve i små grupper.

Lundisfuglen er aggressivt territorial, han vil åtake inntrengjarar inkludert menneske. Han har ein slåande oppvising der vengene blir spreidde for å vise den kvite undersida. Reiret ligg eit tre hòl grave ut av ein hakkespett eller skjeggfugl. Eit enkelt kull på tre, runde, kvite egg er typisk.

Han jaktar frå ei utstikkande, ofte daud grein av eit tre, eller sit stille i halvskyggen medan han søkjer føde.

Lætet frå denne støyande isfuglen er ei høg trille som høyrast ut som ein spikar trekt ned tennene på ein kam.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lundisfugl