Magne Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Magne Johansen (fødd 18. januar 1965) i Trondheim er ein norsk, tidlegare skihoppar. Han var med på det norske laget som vann VM-sølv i lagkonkurransen i stor bakke i Lahti i 1989. Frå noregsmeisterskapane fekk han med seg fire sølvmedaljar, alle i normalbakken, samt ein bronsemedalje.

Johansen debuterte i verdscupen i Lahti i mars 1987. Han slo ikkje heilt gjennom i internasjonale renn, ein fjerdeplass i St. Moritz i 1992 var hans beste plassering. Nasjonalt overraska han med å vinne sølvet under NM i normalbakken i 1988, berre overgått av Erik Johnsen. Dei beste sesongane hans var frå 1989 til -92. Under VM i Lahti fekk han ikkje hoppe i nokon av dei individuelle tevlingane, men var med på laget som vann VM-sølvet bak Finland. Clas Brede Bråthen, Ole Gunnar Fidjestøl og Jon Inge Kjørum var dei andre på laget. Beste individuelle VM-plassering var ein 13. plass under skiflygings-VM i Harrachov i 1992, same sesongen vart han nummer 18 i storbakken under OL i Albertville. Johansen var aktiv på toppnivå frå 1987 til 1993. Han tevla for Leknes og var med i treningruppa til Trønderhopp.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1988: Sølvmedalje i normalbakken i Skien
  • 1989: Sølvmedalje i normalbakken i Vikersund
  • 1990: Sølvmedalje i normalbakken på Fluberg, bronsemedalje i storbakken i Meldal
  • 1991: Nr 8 i storbakken i Bærum
  • 1992: Sølvmedalje i normalbakken i Molde
  • 1993: Nr 8 i storbakken på Odnes

Han la opp i 1993.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]