Magnus Nilssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Magnus Nilssen (18. juli 187120. november 1947) var ein norsk gullsmed og politikar frå Lillehammer. Han var stortingsrepresentant for Oslo i periodene 1907-1921 og 1928-1945, medlem av Arbeidarpartiet, Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti. Nilssen var i 1928 arbeidsminister i Hornsrud-regjeringa.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Nilssen var ferdig utdanna gullsmedsvein i 1889. Han engasjerte seg tidleg i arbeidarrørsla. Etter å ha hatt verv i Gullsmedenes forening og Sarpsborg og omegns Arbeiderforening vart han vald inn i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre i 1900, og ver medlem i sentralstyret i til saman nesten 40 år; periodene 1900-1921 og 1927-1945. Frå 1901 til 1918 var han ein av partisekretærane i Arbeidarpartiet. Han vart vald inn i Kristiania bystyre i 1901, og sat totalt sju periodar i bystyret og formannskapet.

Nilssen representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i ni valperiodar. Åra 1907-21 vart han vald inn i einmannskrinsen Gamlebyen i Oslo. Nilssen høyrde heime mellom dei moderate arbeidarpartifolka, og då Arbeidarpartiet vart radikalisert i tida etter 1918, var han mellom dei politikarane som i 1921 braut ut og danna Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, eit parti han var formann for frå byrjinga i 1921, heilt til dei to partia vart samla att i 1927. Frå gjenforeininga var han nestformann i Det norske arbeidarparti til 1939.

Sidan 1928 var han stortingsrepresentant til 1945. Han var Lagtingspresident 1919-21 og Stortingets visepresident 1935-45.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]