Thorbjørn Jagland
Thorbjørn Jagland (fødd 5. november 1950) i Drammen som Thorbjørn Johansen er ein norsk politikar og medlem av Det norske Arbeidarpartiet. Han var leiar for Arbeiderpartiet frå 1992 til 2002, statsminister frå 1996 til 1997 og utanriksminister frå 2000 til 2001. Frå 2005 til 2009 har han vore stortingspresident. Jagland blei den 29. september 2009 vald til ny generalsekretær for Europarådet, med verknad frå 1. oktober 2009.
Jagland kjem frå fra Lier i Buskerud, og var leiar for AUF frå 1977 til 1981. Han vart deretter utredningssekretær i Det norske Arbeidarpartiet.
Han har hatt ei rad tillitsverv og stillingar innan Arbeidarpartiet. Han har vore Arbeidarpartiet sin fyrsterepresentant frå Buskerud på Stortinget i fire stortingsperiodar: 1993–1997, 1997–2001, 2001–2005 og 2005–2009.
Han var konstituert partisekretær 1986–87, og vald partisekretær frå 28. mars 1987 til 8. november 1992. Deretter tok han over som leiar i Arbeidarpartiet i 1992 etter Gro Harlem Brundtland. Han sat i leiarvervet til 10. november 2002, då vervet vart overteke av Jens Stoltenberg.
Han var utanriksminister frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001. Deretter vart han leiar av Utanrikskomiteen i Stortinget, eit verv han hadde fram til stortingsvalet 2005. Då vart han vald til Stortingspresident for Stortingsperioden 2005-2009.
Frå 2009 er han leiar for Den norske Nobelkomiteen.
[endre] Generalsekretær i Europarådet
Jagland annonserte 23. september 2008 at han ikkje stilte til attvald som stortingsrepresentant hausten 2009, då han i staden stilte som kandidat til generalsekretær i Europarådet som var på val i 2009. Den 29. september 2009 blei Jagland vald med verknad frå 1. oktober 2009.
Jagland har engasjert seg i norsk europapolitikk og er ein tilhengar av norsk medlemskap i EU.
| Føregjengar: Gro Harlem Brundtland |
Statsminister i Noreg |
Etterfylgjar: Kjell Magne Bondevik |
| Føregjengar: Gro Harlem Brundtland |
Leiar av Arbeidarpartiet |
Etterfylgjar: Jens Stoltenberg |
| Føregjengar: Jørgen Kosmo |
Stortingspresident i Noreg |
Etterfylgjar: Dag Terje Andersen |
[endre] Sjå òg
| Norske statsministrar etter 1945 |
|---|
| Johan Nygaardsvold (1945) · Einar Gerhardsen (1945–51) · Oscar Torp (1951–55) · Einar Gerhardsen (1955–63) · John Lyng (1963) · Einar Gerhardsen (1963–65) · Per Borten (1965–71) · Trygve Bratteli (1971–72) · Lars Korvald (1972–73) · Trygve Bratteli (1973–76) · Odvar Nordli (1976–81) · Gro Harlem Brundtland (1981) · Kåre Willoch (1981–86) · Gro Harlem Brundtland (1986–89) · Jan P. Syse (1989–90) · Gro Harlem Brundtland (1990–96) · Thorbjørn Jagland (1996-97) · Kjell Magne Bondevik (1997–2000) · Jens Stoltenberg (2000–01) · Kjell Magne Bondevik (2001–05) · Jens Stoltenberg (2005–) |
| Norske utanriksministrar etter 1945 |
|---|
| Trygve Lie (–1946) · Halvard Lange (1946–63) · Erling Wikborg (1963) · Halvard Lange (1963–65) · John Lyng (1965–70) · Svenn Stray (1970–71) · Andreas Cappelen (1971–72) · Dagfinn Vårvik (1972–73) · Knut Frydenlund (1973–81) · Svenn Stray (1981–86) · Knut Frydenlund (1986–87) · Thorvald Stoltenberg (1987–89) · Kjell Magne Bondevik (1989–90) · Thorvald Stoltenberg (1990–93) · Johan Jørgen Holst (1993–94) · Bjørn Tore Godal (1994–97) · Knut Vollebæk (1997–2000) · Thorbjørn Jagland (2000–2001) · Jan Petersen (2001–05) · Jonas Gahr Støre (2005–) |
| AUF-leiarar etter 1945 |
|---|
| Trygve Bratteli (1945–46) · Rolf Åkervik (1946–49) · Frank Andersen (1949–52) · Ivar Mathisen (1952–55) · Reidar Hirsti (1955–58) · Bjartmar Gjerde (1958–61) · Reiulf Steen (1961–64) · Ola Teigen (1964–69) · Hans Raastad (1969–71) · Bjørn Tore Godal (1971–73) · Rune Gerhardsen (1973–75) · Sissel Rønbeck (1975–77) · Thorbjørn Jagland (1977–81) · Egil Knudsen (1981–85) · Jens Stoltenberg (1985–89) · Turid Birkeland (1989–92) · Trond Giske (1992–96) · Anniken Huitfeldt (1996–2000) · Eva Kristin Hansen (2000–02) · Gry Larsen (2002–06) · Martin Henriksen (2006–10) · Eskil Pedersen (2010–) |
|
|
|---|
| Jacques Camille Paris (1949–53) · Léon Marchal (1953–56) · Lodovico Benvenuti (1957–64) · Peter Smithers (1964–69) · Lujo Tončić-Sorinj (1969–74) · Georg Kahn-Ackermann (1974–79) · Francenz Karasek (1979–84) · Marcelino Oreja Aguirre (1984–89) · Catherine Lalumière (1989–94) · Daniel Tarschys (1994–99) · Walter Schwimmer (1999–2004) · Terry Davis (2004–09) · Thorbjørn Jagland (2009–) |
- Fødde i 1950
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Norske statsministrar
- Norske politikarar
- Stortingspresidentar
- Arbeidarpartipolitikarar
- Folk frå Lier
- Leiarar av Den Norske Nobelkomite
- Leiarar for Arbeidarpartiet
- AUF-leiarar
- Generalsekretærar i Europarådet