Martin Kolberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Martin Kolberg

Martin Arvid Kolberg (fødd 24. februar 1949 i Lier, Buskerud) er ein norsk politikar og stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet i Buskerud. Han var partisekretær i Arbeidarpartiet frå 2001 til 2009.

Kolberg gjekk av som partisekretær på landsmøtet i 2009, då han stilte til val som Buskerud førstekandidaten til Arbeidarpartiet ved stortingsvalet 2009. Han vart valt inn, og 30. september 2009 valte stortingsgruppa han til parlamentarisk nestleiar. Han er elles andre nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen. I perioden 2001–05 var han første vararepresentant på Stortinget for Arbeidarpartiet i Buskerud, og i perioden 1977–81 andre vara. Kolberg møtte fast i dagane mellom 1. og 19. oktober 2001, før Thorbjørn Jagland returnerte til nasjonalforsamlinga frå embetet som utanriksminister etter valet den hausten.

Kolberg har vidare vore statssekretær ved statsministerens kontor under Gro Harlem Brundtland frå 1995 til 1996 og vidare i Forsvarsdepartementet til 1997.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Martin Kolberg starta på studiar til elektroingeniør ved Oslo Tekniske Skole i 1970-åra, jobba fire år ved Drammen Kabelfabrikk og er medlem av Fellesforbundet.

Heilt frå starten av sin politiske karriere i Arbeidaranes Ungdomsfylking og Arbeiderpartiet i Buskerud har Kolberg i periodar hatt eit nært samarbeid med Thorbjørn Jagland. Kolberg var sekretær i AUF 1977–81 under leiarperiode til Jagland, og før sentralstyreperioden arbeidde begge lokalt mot EF-medlemskap gjennom Buskerud AUF i 1972.

Kolberg har som partisekretær vore oppteken av å vidareutvikle ein fast ideologi for Arbeidarpartiet, og å styrke forholdet til fagrørsla.[1] Han er ein ivrig skiløpar, er gift og har tre born.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Partisekretæren. Dagbladet (23.april 2007).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Martin Kolberg