Maksim Gorkij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om den russiske forfattaren. For cruiseskipet med same namn, sjå TS «Maxim Gorkiy».
Maxim Gorky authographed portrait.jpg

Maksim Gorkij, eigentleg Aleksej Maksimovitsj Pesjkov, fødd 1868 i Nizjnij Novgorod, død 1936 i Gorki Leninskije var ein russisk forfattar. Han var også ein politisk aktivist, og blir rekna som grunnleggjaren av sosialrealismen.

Frå 1906 til 1913 og frå 1921 til 1929 budde Gorkij utanlands, hovudsakleg på Capri. Etter returen til Sovjetunionen aksepterte han den kulturelle politikken som då galdt, men han fekk forbod mot å forlata landet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Faren, som var snikkar, døydde tidleg. Mora gifta seg att og døydde då Gorkij var berre ni år. Han voks deretter opp saman med bestemora, som var ein flink historieforteljar. Det gjekk sterkt inn på han då ho døydde, og etter eit mislykka sjølvmord i desember 1887 reiste han rundt i det russiske riket i fem år, der han tok det som dukka opp av jobbar, samtidig som han samla inntrykk til seinare bøker.

Han arbeidde som messegut, sjauar, vedhoggar, banevaktar m.m., samtidig som han prøvde å bøta på den manglande utdanninga med å lesa alt han kom over. Han debuterte i 1892 med forteljinga Makar Tjudra under pseudonymet Gorkij, dvs. den bitre. Gjennombrotet kom i 1895 med novella Tsjelkasj, og etter det kom på kort tid ei rekkje forteljingar som skildrar proletaren og omstreifaren sitt liv. Desse forteljingane gjorde på kort tid Gorkij berømt både i Russland og Europa.

Gorkij blei Lenins ven etter at dei møttest i 1902. Under Første verdskrigen blei husværet hans i Petrograd omgjort til kontor for Bolsjevikane, men forholdet hans til kommunistane blei etterkvart dårlegare. To veker etter Oktoberrevolusjonen skreiv han: «Lenin og Trotskij har ingen tankar om fridom eller menneskerettar. Dei er allereie korrumperte med maktas skitne gift, dette ser ein lett av den skamfulle mangelen deira på respekt for talefridom og kvar ein annan fridom som demokratiet kjempar for». Lenin sitt brev til Gorkij i 1919 inneheldt trugsmål som: «Rådet mitt til deg er: Endra omgjevnadene dine, synspunkta dine, handlingane dine, elles kan livet venda seg frå deg.».

I august 1921 blei venen og kollegaen hans Nikolaj Gumiljov, som var gift med Anna Akhmatova, arrestert fordi han var for monarki. Gorkij drog til Moskva, og fekk av Lenin personleg ein kjennelse på at Gumiljov skulle sleppast fri. Men, innan han kom til Petrograd med kjennelsen, fekk han vite at han var skoten. Gorkij emigrerte til Italia i oktober på grunn av dårleg helse, han hadde tuberkulose.

Vorozjilov, Gorkij og Stalin (frå venstre til høgre), bilete frå 1931

Ifølge Solzjenitsyn var heimreisa til Gorkij motivert av materielle interesser. I Sorrento gjekk han tom for pengar. Han vitja Sovjetunionen fleire gonger etter 1929, og i 1932 blei han invitert av Josef Stalin personleg til å koma tilbake for godt, eit tilbod han aksepterte. I juni 1929 vitja han Solovki (ved Kvitsjøen) for siste gong, og skreiv ein positiv artikkel om GULag-direktoratet, som alt hadde fått eit dårleg omdømme i vesten.

At han returnerte frå det fascistiske Italia var ein stor propagandamessig siger for sovjetarane. Han tok imot Leninordenen, og fekk ein herregard i Moskva som tidlegare hadde høyrt til millionæren Rjabusjinskij (bustaden er i dag Gorkij-museum), og ein ”datsja” (sommarhus) i utkanten av Moskva. Ei av gatene i Moskva sentrum (Tverskaja) blei også kalla opp etter han, det same gjeld ein fornøyelsespark og fødebyen hans.

ANT-20 "Maxim Gorky" propagandafly over Moskva

Verdas største fly på midten av 30-talet, Tupolev ANT-20, fekk også namnet "Maxim Gorky". Det blei brukt til propaganda, og flaug ofte demonstrativt over Moskva. I mai 1935 krasja det i eit bustadområde i Moskva, 41 omkom.

I 1933 gav han ut ei berykta bok om kanalen mellom Kvitsjøen og Østersjøen, som blei presentert som eit eksempel på tidlegare folkefiendar som har blitt rehabilitert på ein vellykka måte.

Etterkvart som Stalin si undertrykking auka, og særleg etter Sergej Kirovs død i desember 1934, blei Gorkij hemmeleg plassert i husarrest i huset sitt i Moskva. Han fekk dagleg ei redigert utgåve av avisa Pravda, der alle nyheiter om arrestasjonar og utrenskingar var redigerte bort.

Sonen hans, Maksim Pesjkov døydde brått i mai 1935, og Gorkij døydde i juni 1936. Begge døydde under mistenkelege omstende, men spekulasjonane om at dei blei forgifta har aldri blitt prova.

Stalin sjølv og Vjatsjeslav Molotov var med på å bera kista hans i gravferda.

Under rettssaka mot Nikolaj Bukharin i 1938 var eit av klagemåla at Gorkij blei drepen av Nikolaj Jezjovs NKVD-agentar.

Heimbyen hans, Nizjnij Novgorod hadde namnet Gorkij frå 1932 til 1990.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Sitat[endre | endre wikiteksten]

  • Ein fiende som ikkje gir opp, må knusast
  • Lykka ser alltid liten ut når du held ho i handa, men gje slepp på ho, og du innser kor stor og verdifull ho er
  • Berre mødrer kan tenkja på framtida - fordi dei føder born for framtida
  • Dei vakraste orda på engelsk er "Ikkje skuldig"
  • Vi greier oss ikkje utan filosofi, fordi alt har ei skjult meining som vi må kjenna
  • Mange forfattarar i samtida drikk meir enn dei skriv
  • Det finst ingen som er meir avskyeleg og motbydeleg enn dei som gir almisser, sjølv om det ikkje finst nokon meir miserable enn dei som tek imot almissa
  • Når arbeidet er ei glede, er livet ei glede. Når arbeidet er ei plikt, er livet slaveri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]