Manama
| المنامة, Al-Manāmah | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land Governorate |
Bahrain Capital Governorate |
| Først nemnd i | 1345 |
| Geografi | |
| Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik - Storbyområde |
162 000 5 304/km² 345 000 |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Plassering | |
Manama er hovudstaden i den arabiske øystaten Bahrain. Byen ligg nordaust på øya Bahrain, ved Persiabukta. Han er den største byen i landet med eit innbyggjartal på om lag 150 000, noko som utgjer om lag ein tredjedel av innbyggjarane i Bahrain.
Dei eldste historiske nedteikningane om byen går tilbake til 1345. Byen vart teken av portugisarar i 1521 og av persarar i 1602. Etter dette har byen vore under kontrol av Al-Khalifa-dynastiet sidan 1783. I 1971 vart byen hovudstad i det no sjølvstendige landet Bahrain.
Økonomien i Manama er, som i resten av landet, basert på petroleum, oljeraffineri, skipsbygging, fiske og perledykking. Hovudstaden er også eit sentrum for handel og finans. Manama har ei moderne hamn i Mina Sulman, og på øya Al-Muharraq like ved ligg Bahrain sin internasjonale flyplass.
I Manama ligg òg Bahrain universitet som vart grunnlagd i 1986, nasjonalmuseet i landet og den største moskeen i landet, Al-Fateh-moskeen. I 2008 blei to skyskraparar ferdigstilt som Bahrain World Trade Center. Desse var dei første skyskraparane i verda som nytta vindmøller til å produsera sin eigen energi.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Manama»
