Qatar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
دولة قطر
Dawlat Qatar

(norsk: Qatar, qatarsk)

Det qatarske flagget Det qatarske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «As Salam al Amiri»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Qatar
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Doha
Styresett
Monarki
Hamad bin Khalifa Al Thani
Hamad bin Jassim bin Jaber Al Thani
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
11 586 km² (160.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
848 016 (145.)
73,2 /km² (94.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
3. september 1971
Nasjonaldag 3. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
122 200 mill. USD (60.)
145 300 USD (1.)
Valuta Qatarsk riyal
Tidssone UTC +3
Telefonkode +974
Toppnivådomene .qa


Qatar er eit emirat som består av ei halvøy som ligg i den persiske bukta på nordkysten av den arabiske halvøya. Landet grensar i til Saudi-Arabia i sør og har også maritim grense mot Bahrain.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det som i dag er Qatar var persisk i fleire tusen år før det vart ein del av Det osmanske riket. I samband med fyrste verdskrigen vart det eit britisk protektorat. Landet vart sjølvstendig 3. september 1971 og valde å ikkje inngå i Dei sameinte arabiske emirata som dei andre emirata i området (med unnatak av Bahrain) som fekk sjølvstendet samtidig.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Qatar består av ei 160 km lang halvøy samt nokre mindre øyar rundt omkring denne. Hawarøyane rett vest for halvøya høyrer til likevel Bahrain.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Qatar har eit heitt klima med lite nedbør. Persiabukta er det varmaste havvatnet i verda, og Qatar har dermed svært høg luftfukt, som i samband med høge temperaturar fører til svært trykkande varme om sommaren. Temperaturen kan om sommaren nå opp i 50 °C. I tillegg kjem det ikkje nedbør mellom mai og september, medan ein kan ha enkelte regnbyger resten av året. Vinteren er mild eller varm med ein snittemperatur på kring 20 °C, og vêret er stort sett solrikt og behageleg. Qatar får om lag 100 mm nedbør i løpet av eit år. Sandstormar opptrer ofte, særleg om våren.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Landet vert styrt av ein emir, som fungerer som eineveldig monark. Politiske parti er forbodne[1].

Kart over Qatar

Samferdsel og infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Qatar har eit godt utbygd vegnett. Doha internasjonale lufthamn ligg rett utanfor hovedstaden og det vert for tida bygd ein ny og større flyplass rett bortanfor den gamle. Qatar har korkje jarnbane eller sporvegar. Planar om ein togbane frå industribyen Mesaieed til Wakra og Doha er likevel annonserte, men det har ikkje vorte stadfest av Mowasalat, kollektivfirmaet i Qatar, at det hender i næraste framtida. Kollektivtransport er avgrensa. Det har dei siste åra vorte oppretta bussruter over heile landet, men drosje er framleis det viktigaste framkomstmiddelet for dei som ikkje har eige køyretøy. Kvinner kan køyre bil – i motsetning til i Saudi Arabia.

Telekommunikasjonane er moderne med internasjonale samband via både landkabel, sjøkabel og satellitt. Det nasjonal teleselskapet, Qtel, dominerer marknaden, men dei siste åra har det kome fleire aktørar på mobilmarknaden.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. – Hydros miljøimperialisme, Ottar Fyllingsnes, Dag Og Tid, 25. februar 2006